Hopp til innhold

Slik ser ei vinnarkake ut

Det kanskje mest prestisjefylte under Norsk bringebærfestival i Vik er å vinne den store bakekonkurransen. Sidan oppstarten i 2014 har festivalen kvart år kåra den beste bringebærkaka.

Vinnarkaka

BEST IN SHOW: Islandskake med bringebær

Foto: Oddny Hønsi Ringheim

– I år var det skikkeleg vanskeleg, seier Oddny Hønsi Ringheim, som var ein av tre dommarar.

21 håpfulle kakebakarar hadde levert inn sine bidrag. Det var stor spennvidd i bidraga, sjølv om bringebær sjølvsagt var i fokus for alle.

– Det var alt frå ostekaker av den steikte typen, til gelekaker, blautkaker og marengskaker.

Den som likevel trekte det lengste strået i den knivskarpe konkurransen var ei såkalla Islandskake. Den er kjenneteikna av ein kokus- og marengsbotn, egge- og vaniljekrem og bær. Og på ein bringebærfestival er nok valet av bærtype ikkje noko stor overrasking.

Oddny Hønsi Ringheim

DRAUMEN OM 'VIKJAKAKA': - Draumen er at det skal koma fram ei oppskrift som me kan kalla 'Vikjakaka' - ei bringebærkake som er så godt at folk seier: 'Har du smakt den nye kaka frå Vik - var ikkje ho god?' 'Jau, eg heldt på å eta meg spint i hel', humrar kakedommar Oddny Hønsi Ringheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vinnarkaka hadde både god smak, og såg fin ut. Islandskake er ein kjend kaketype, og er lett for folk å lage, seier Hønsi Ringheim, som sjølv har likt å baka sidan ho var lita jente, og som i dag driv «kakemonsen.no», ein nettstad for kakeoppskrifter.

Eit av måla under konkurransen var også om ein kunne finne fram til ei oppskrift som kunne bli sjølvaste Vikjakaka, på same måte som ein har gjort med eplekake i Hardanger. Men for å kome gjennom dette nålauge må kaka ikkje berre smake godt, men også vere nyskapande.

– Det tykkjer eg vel ikkje vi klarte heilt i år. Vinnarkaka var god, men er ei nokså kjend oppskrift. Men det var likevel ei av dei andre kakene, ei kake med ein, grøn gele laga av mynte, som var veldig spanande. Men det må vi i så fall diskutere noko meir, seier Hønsi Ringheim.

Kakebord

NOKO FOR EIN KVAR SMAK: Bringebærkaker i alle variantar deltok i kakebakekonkurransen under bringebærfestivalen i Vik i helga

Foto: Oddny Hønsi Ringheim