NRK Meny
Normal

«Det som skjedde på 30-talet var ei nedbygging, som ein ikkje ser ut til å ha lært noko av»

KRÅKENESMARKA (NRK): Dei lokale leiarane i Heimevernet er så uroa over situasjonen at dei samanliknar det med nedbygginga av det norske forsvaret før 2. verdskrigen.

Områdesjef i HV11, Stein Mortensbakke

SLETT IKKJE NØGD: Stein Mortensbakke har vore aktiv i Heimevernet lenge. No fryktar ei total nedbygging av denne forsvarsressursen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er skyteøving for soldatar frå Sunnfjord på skytebana i Kråkenesmarka utanfor Førde. Om lag 120 soldatar øver, eit langt lågare tal enn tidlegare.

– I glanstida var eit område på oppunder 200 mann, og då var det også mykje tettare mellom HV-områda. Talet på område går kraftig ned, og er føreslege å gå enda kraftigare ned.

Orda kjem frå Stein Mortensbakke, som er områdesjef for Kinn HV-område. Han er svært kritisk til at Forsvarssjefen vil kutte HV frå 42.000 til 30.000 soldatar.

Går frå 3200 til 1000

– For oss i HV11 vil det seie at vi går frå om lag 3200 mannskap til om lag 1000, ein reduksjon på nær 70 prosent. Det vil seie at ein nesten ikkje har noko forsvar igjen. I tillegg blir det føreslege å leggje ned kommandoplassen på Åndalsnes. Vi misser det lokale heimevernet, og får igjen eit regionalt heimevern som er veldig, veldig tynt.

– Men har vi bruk for Heimevernet?

– HV og forsvaret må vi sjå på som ei forsikring som ein håpar at ein ikkje får bruk for. Til dømes i Sverige ser dei at dei må oppruste og styrke, medan vi i Norge gjer det motsette. Det som skjedde på 30-talet var ei nedbygging, som ein ikkje ser ut til å ha lært noko av, seier Mortensbakke.

Heimevernet skal kutte kraftig over heile landet. I dag øvde HV-soldatar utanfor Førde.

ØVDE: Styrkar frå Sunnfjord og Kinn HV-område hadde i dag øving i Kråkenesmarka utanfor Førde.

Stort distrikt

Frå nord til sør i Heimevernsdistrikt 11 kan det ta 10 timar i bil, langs tronge fjordar og over høge fjell.

– Nord-Vestlandet har ein geografi og ein topografi som fører til lang reisetid. Vi har reelt ikkje noko forsvar å bidra med lenger. Det gjer til at vi står ganske utarma tilbake. I kommunane sine kriseplanar står at det HV skal brukast, men no er det ikkje folk igjen, så det vil jo påverke det sivile samfunnet også. Beredskapen vil jo synke veldig, meiner den frittalande HV-offiseren.

Han meiner at politikarane bør gå inn med om lag 300 øyremerka millionar til HV. Då kan ein oppretthalde ein styrke på 45.000 mann og trene årleg.

Departementet vil ikkje svare

Politisk rådgjevar i Forsvarsdepartementet, Audun Halvorsen, vil ikkje kommentere kritikken frå og synspunkta til Mortensbakke. I ein epost til NRK seier han mellom anna følgjande:

«Regjeringen arbeider med en ny langtidsplan (LTP) for forsvarssektoren og tar sikte på å legge denne frem for Stortinget i løpet av vårsesjonen 2016. Det er foreløpig ikke satt en endelig dato for fremlegging. Den politiske beslutningsprosessen understøttes nå av omfattende analyser i Forsvarsdepartementet. Utviklingen av HV vil være et sentralt element i dette arbeidet.»

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå