Om ei veke byrjar Gunvor Lidal på Slinde i Sogndal å hausta årets avling av den nye pæresorten ho planta i fruktåkeren sin for tre år sidan. Til skilnad frå andre pærer som er meir vanlege her til lands, er desse knallraude i fargen.
– «Celina» er ei knakande god pære, og den skil seg ut i butikken, seier Lidal.
Vera eller ikkje vera
Norsk pæreproduksjon blir forsvinnande liten samanlikna med anna frukt. I 2015 vart det produsert 122 tonn pærer i Norge, og det har gått nedover dei siste åra. Til samanlikning vart det produsert 5358 tonn eple same året.
Men den raude pæra, som har fått namnet «Celina», gir nytt håp til dei som helst vil kjøpa norsk frukt i butikkane.
– Det er «Celina» me har tru på. Det er planta mellom 20.000 og 30.000 tre, hovudsakleg på Vestlandet. Den har ein tiltalande farge og smakar godt, så det er ei pære med potensial, seier Mekjell Meland, seniorforskar ved Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO).
Det er på tredje året i dyrkinga av den raude pæresorten. Meland forskar blant anna på korleis trea kan gi best avling, kva type pollen som er best å befrukta dei med og andre ting, for å gi størst mogleg avling.
– Viss ikkje denne satsinga lukkast, så trur eg det blir vanskeleg å få norske fruktdyrkarar til å planta nye sortar, seier Meland.
- Les også:
– Kan bli større enn dagens produksjon
Pæresorten er forska fram i Leikanger av Graminor og Njøs næringsutvikling, og det er Sognefrukt som eig prosjektet. Sognefrukt står for om lag ein tredel av foredlinga av norske pærer til konsummarknaden.
– Om det går slik me håpar, så kan det bli fleire tonn «Celina» i framtida, enn det den totale, norske pæreproduksjonen er i dag, seier Jens Terje Hammarvoll, dagleg leiar i Sognefrukt.
Han trur at dei i løpet av nokre få år kan hausta mellom 200 og 300 tonn raude pærer. På Slinde, rett over kommunegrensa til Sogndal, håpar fruktbonde Gunvor Lidal at ho om nokre år kan hausta ti tonn av den nye sorten.
– Eg er ein av tullingane som har tru på pæra, men no håpar eg at eg får opp ein god produksjon som gir meg det eg har lyst å få ut av jorda mi, seier ho.
- Les også: