Hopp til innhold

Bygde fotopunkt til 20 mill. – men manglar framleis mobildekning tre år etter opninga

UTSIKTEN, BALESTRAND (NRK): Då Utsikten på Gaularfjellet opna i 2016 hadde det kosta over 20 millionar kroner å realisere. Tre år seinare er det framleis umogleg for turistane å poste bilete i sosiale medium frå staden.

Tyske turistar på Utsikten på Gaularfjellet

FÅR IKKJE POSTA BILETE: Anita Horn og Manfred Puppe saknar mobildekning på Utsikten langs den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg brukar å legge ut bilete på Instagram, men det går ikkje her som det ikkje er dekning, seier tyske Anita Horn.

Journalisten og bloggaren frå Köln har teke turen til Utsikten over Gaularfjellet saman med kjærasten Manfred Puppe. Utsiktspunktet med det spektakulært betongbygget har utsyn mot fjelltoppar på opp mot 1500 meters høgde. Perfekt for sosiale medium, hadde det berre ikkje vore for den manglande mobildekninga.

– Dekninga er fantastisk overalt i Noreg, men ikkje her, konstaterer Horn.

David Lamproye og Susana Romero på Gaularfjellet

UTAN DEKNING: Kjærasteparet David Lamproye frå Belgia og Susana Romero frå Mexico tar det med godt humør at dei ikkje får posta bilete frå Utsikten på Gaularfjellet mens dei er der, men Lamproye meiner dekning hadde vore bra både for turismen og tryggleiken sin del.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Også belgiske David Lamproye kjærasten Susana Romero er overraska over at det ikkje er mobildekning ved turistattraksjonen.

– Vanlegvis har eg dekning når eg køyrer rundt, men no er det null dekning. Viss du skal trekke turistar til denne staden, bør du nok ha dekning. For då kan folk poste med ein gong. Og skjer det er ei ulukke, kan du også få ringt, seier Lamproye.

Utsikten, fv. 13 Gaularfjellet

STORSLÅTT: Dette synet møter deg frå utkikksplattforma Utsikten på Gaularfjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Handlar også om tryggleik

Problemstillinga med den manglande mobildekninga er ikkje ny. Men no håpar Sunnfjord Utvikling og Sogn og Fjordane fylkeskommune at trådlaust nett skal kome på plass til neste år.

– Det er stort potensial i å gjere denne flotte vegen og utsiktspunktet meir kjent. Då treng ein den type merksemd som får når ein publiserer på sosiale medium. Det ser ein andre stader i landet, seier leiar i Sunnfjord Utvikling AS, Rolf Sanne-Gundersen, og nemner Trolltunga som døme.

– Men kanskje like viktig er dette med tryggleik. Skulle noko skjer i dette området, er det viktig å kunne ringe og få kontakt med omverda.

– Kva gjer at dette tek tid?

– Først og fremst pengar, men også løysingar, seier Sanne-Gundersen.

Han viser til at kostnadsramma for prosjektet er sett til 1,5 millionar kroner.

– Vi må ha finansiering for den løysinga som ser ut til å vere best eigna. Då må vi ha med kommunen, Telenor, Sognekraft, SFE og andre aktørar i området og lage eit spleiselag for å få realisert 4G-dekning.

Uutnytta potensial

Sunnfjord Utvikling og Sogn og Fjordane fylkeskommune har saman teke initiativ mot Telenor. Fylkesdirektør for næring og kultur Jan Heggheim seier han har irritert seg over den manglande dekninga.

Utsikten ved Gaularfjellet

FOTOMÅL: Utsikta frå dette punktet lokkar turistar til Gaularfjellet. I 2020 kan det kanskje bli mogleg å poste bilete herfrå.

Foto: Jiri Havran / Jiri Havran

– Slike spektakulære punkt oppnår populariteten sin ved at bilete blir spreidde og innlegg laga på sosial medium. Må du lagre eit bilete, er det stor sjanse for at det aldri blir gjort noko med det.

Dryge 20 millionar kroner kosta det å byggje utkikkspunktet, som er del av Nasjonale turistvegar. Potensialet som ligg i Utsikten og Gaularfjellet er langt frå oppfylt, meiner fylkesdirektøren.

– Det er investert totalt sett investert 160 millionar kroner over Gaularfjellet dei siste ti åra. Samtidig ser vi at trafikken er nokså stabil. Ved å få til dekning kan vi auke trafikken over Gaularfjellet.

Også Sunnfjord Utvikling jobbar med ei langsiktig satsing for å auke trafikken.

– Når enkelte stader her i fylket på enkelte tider har utfordringar med for mykje folk, er det føremålstenleg med ei spreiing. Gaularfjellet knyter på mange måtar saman Sogn og Sunnfjord, og her er moglegheiter innan til dømes sykkelturisme og bilturisme. Eg trur potensialet for Gaularfjellet er stort.

Håpar på dekning våren 2020

Då dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen var intervjua om mobildekninga på staden for to år sidan, verka det lite aktuelt for Telenor å gjere noko. No er det større opning for dette, stadfestar Amundsen

– Det er litt fordi vi ser at folk bruker sosiale medium heile tida. Vi har forståing for at kommune og fylkeskommune ønskjer å marknadsføre Gaularfjellet, seier dekningsdirektøren, men understrekar at ei realisering av 4G-dekning vil krevje samarbeid.

– Vi må ha grunn til å setje opp utstyr, straum fram til punktet og det må vere fri sikt for å få inn sambandet. Og så må vi drøfte kostnadene på masta.

Jan Heggheim meiner målet må vere å få mobildekning på plass til neste vår. Men dekningsdirektør Bjørn Amundsen seier det kan ta lenger tid.

– Eg trur halvanna år er meir realistisk. Men det skal ikkje stå på oss.