Per Odd Grevsnes, som var møteleiar og som og er leiar i Luster Sogn Røde Kors skredgruppe, er veldig glad for det store oppmøtet.
– Vi har gjort dette nokre gonger, og det var gledeleg å sjå mange nye fjes i salen. Kvart år kjem det mange nye til Sogndal, og det er utruleg viktig at dei som sit på kunnskap om skred og snøtilhøve deler den.
Mange av dei 305 i salen var folk som har kome til Sogndal i år anten for å studere eller jobbe, og som har tenkt å ta turar i det fine skiterrenget i Sogn.
Stein Helge Selland er politibetjent i Luster og leiar i Hafslo Røde Kors. Det gjer at han ofte blir involvert når det skjer ulukker eller leiteaksjonar i fjellet.
Han fortalde om varsling av ulukker og om kva som skjer når uhellet er ute.
Han sa at det er viktig å varsle om skred også om det har gått bra. I tillegg meinte han at alle på førehand bør ha tenkt over kva dei skal gjere dersom dei kjem opp i ein skredsituasjon.
- Les også:
- Les også:
Hovudinnlegget vart halde av Markus Landrø frå NVE.
– Han er i superdivisjonen når det gjeld snøskred, og han er i tillegg ein god pedagog. Han synte fram ulike skredeksempel og fortalde om korleis ein kan lese fareteikna, mellom anna faren for flakskred, seier Grevsnes.
NVE har ei nettside som heiter varsom.no. Der blir det frå 1. desember kvart år lagt inn informasjon om snøtilhøve og skredfare i fjellområde over heile landet.
Vart teken av snøskred
På skredkvelden var det og eit innlegg frå Johanne Askim Adde. Den 31. januar i år vart ho teken av eit snøskred i Sogndalsdalen. Ho løyste sjølv ut raset, ho køyrde som nummer seks i same traseen.
Johanne vart ført eit stykke nedover med raset, men ho greidde å halde seg over snømassane, og ho kom frå hendinga utan mein.
– Har vore heldige
Per Odd Grevsnes seier at ingen har mist livet i snøskredulukker i Sogndalsdalen sidan 1965.
– Med tanke på den store aktiviteten i området, kan vi vel seie at vi har vore heldige. Vi har hatt mange nære på-situasjonar. Skal vi unngå dødsulukker er det viktig at alle som ferdast på ski får vite mest mogeleg om risikoen.
På skredkvelden vart også Luster Sogn Røde Kors skredgruppe presentert.
– I denne gruppa har vi samla dei flinkaste folka i området på skred- og fjellberging. Det er høgt kompetente menneske som er med, seier Grevsnes.