Hopp til innhold

– Vikingbygg ser ut som garasjar

GUDVANGEN (NRK): Historikar meiner bygningane i vikinglandsbyen i Gudvangen ber meir preg av funksjonalitet enn å vere historisk korrekte. Men meiningane er delte om det finst ein riktig måte å gjenskape vikingtida på.

Georg Olafr Reydarsson Hansen

KRITIKK: Enkelte av vikinghusa i Guvangen minner meir om garasjar enn av ekte vikinghus, meiner historikar John McNicol ved Universitetet i Tromsø.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Dette seier historikar John McNicol ved Universitetet i Tromsø. Debatten rundt vikinglandsbyen i Gudvangen rasar vidare etter at historikar og forfattar Aud Farstad nyleg karakteriserte landsbyen som eit kommersielt skrekkeksempel. Dagleg leiar ved vikinglandsbyen, Frode Aas Tufte, har avvist kritikken og skuldar Farstad for å vere kunnskapslaus og arrogant.

Vikinglandsbyen i Gudvangen

FÅR PRØVE SEG: Dei som vitjar Viking Valley i Gudvangen får prøve ulike teknikkar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

McNicol, som har mellomalderen og vikingtida som spesialområde, er samd med Farstad i at det kommersielle ser ut til å vere viktigast. Han har ikkje sjølv vore i Gudvangen, men uttalar seg ut frå bilde og Viking valley sin informasjon på deira eigne nettsider.

– Viking Valley ser ut til å vere eit kommersielt konsept der det handlar om å gje turistar ei kjensle av å vere viking. Vikingkjensla tilpassar dei kundane sine.

– Lite med vikingtida å gjere

Spesielt når det gjeld bygningane meiner McNicol at Viking valley har lite med vikingtida å gjere.

– Enkelte av bygningane ser ut som garasjar som er dekorerte med ein kopi frå ein runestein, seier han.

– Er det eit kommersielt skrekkeksempel, slik Aud Farstad hevdar?

– Om det er eit skrekkeksempel veit eg ikkje, men det er eit kommersielt eksempel. Det kan bli ei suksesshistorie dersom formidlinga blir utvikla og det blir økonomi i det, seier han.

McNicol legg til at Viking valley ikkje er eit museum og at kritikken difor må vere på ein annan måte enn korleis ein ville kritisert ei akademisk formidling av vikingtida.

– Viking Valley ser ut til å føye seg inn i ein europeisk og amerikansk tradisjon om historiske marknader med eit kommersielt tilsnitt, seier han

– Ikkje problematisk

Arkeolog og professor Dagfinn Skre ved Kulturhistorisk museum synest ikkje det er problematisk at nokon prøver å gjenskape vikingtida.

– Så lenge dei som arbeider der gjer det klart for publikum og seg sjølve kva premissane er, og ikkje prøver å late som det er noko anna enn det dei er, synest eg det er heilt fint. Det er ikkje slik at fagfolk eig fortida, seier Skre.

Han meiner gjengivinga av vikingtida aldri kan bli heilt korrekt fordi det er mykje ein ikkje veit.

– Når ein skal gjenskape vikingtida, blir det mykje gjetting. Nokre gjettingar er gode, nokre er dårlege, men gjetting blir det. Eg har ikkje vore på Gudvangen, så kor gode gjettingane der er, veit eg ikkje.

Skre meiner det er utanfor oppgåvene til fagfolk å sensurere litteratur, film og anna som levandegjer vikingtida.

– Alle må vere mottakelege for kritikk, også på Gudvangen. Men dette er ein diskusjon, og vi sit ikkje med fasit. Og framfor alt, vi eig ikkje vikingtida.

Ikkje imponert

Også Håkon Glørstad, direktør for Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, er positiv til at det blir laga opplevingssenter som legg vekt på vikingtida.

– Dette kan vere eit verdfullt supplement til musea, men for publikum er det ei klar forventning om at ein bygger på funn og fakta. Publikum ønskjer å oppleve det autentiske, seier han.

Håkon Glørstad

IKKJE IMPONERT: Publikum ønskjer å oppleve det autentiske når dei vitjar ein vikinglandsby. Vikinghusa i Gudvangen minner meir om moderne bygg som er måla på ein original måte, seier Håkon Glørstad.

Foto: øa/Museum/P2 / nrk

Glørstad har ikkje sjølv vitja vikinglandsbyen i Guvangen, men ut frå bilda han har sett frå staden verkar han ikkje å vere særleg imponert.

– Det ser ikkje veldig vikingaktig ut. Husa minner meir om moderne bygg som er måla på ein original måte. Dei har ein del igjen til ein fagleg høg standard, seier Glørstad.

Tek ikkje kritikken seriøst

Frode Aas Tufte i Viking valley avviser kritikken.

– Vi er ikkje eit museum. Vi er heller ikkje ein temapark. Vi er ein verkstad i vikingtid og jarnalder, seier han

– Dei som kritiserer oss har ikkje ein gong vore i Viking valley. Dei veit ikkje kva dei snakkar om og det er umogleg å ta dei seriøst, seier han.

– Men viser Viking Valley livet i Noreg slik det var for 1000 år sidan?

– Det finst ikkje autentiske vikinghus. Alle husa i Viking Valley er bygde for å kunne brukast, noko vi har sagt frå første dag. Men vi har brukt historiske byggeteknikkar, seier han.