NRK Meny
Normal

– Valsvik er ettertrakta i Tyskland

Gustav Valsvik håpar på ein snarleg overgang frå Eintracht Braunschweig. Tidlegare Tyskland-proff meiner sogningen med landslagserfaring kan vere aktuell for gode klubbar.

Gustav Valsvik

PÅ VEG VEKK? Gustav Valsvik si tid i Eintracht Braunschweig kan vere over snart.

Foto: Nils Gunnar Finne

– Valsvik gjorde ein så god sesong at han er lagt merke til, sjølv om laget hans rykte ned. Han har dessutan vore stabil over tid. Så han er nok ettertrakta, seier Anders Giske.

Sportsleg leiar Anders Giske

TRUR PÅ GOD KLUBB: Anders kjenner tysk fotball godt etter tida si som proff i landet. Han trur fleire klubbar har Gustav Valsvik på blokka framfor neste sesong.

Foto: NRK

Gustav Valsvik rykte i vår saman med Eintracht Braunschweig ned frå tysk 2. Bundesliga. Det er ikkje gunstig for ein midtstoppar som ønskjer å konkurrere om ein plass på det norske landslaget.

No er den tidlegare Sogndal- og Strømsgodset-spelaren på jakt etter ny klubb. Men førebels er han med på oppkøyringa til ein ny sesong med Eintracht Braunschweig, der han har kontrakt i to år til.

– Det er jo VM, og marknaden er litt treg no. Eg må berre vere proff og gjere jobben min. Men eg håpar det kjem ei løysing snarast råd, seier han.

2018 World Cup Qualifications - Europe - San Marino v Norway
Foto: Alberto Lingria / Reuters

Håpar på løysing i starten av juli

Valsvik har informert Eintracht Braunschweig om at han er på jakt etter ny arbeidsgjevar. No jobbar agent Jim Solbakken med å finne ein klubb. Valsvik stadfestar at det har vore ein del interesse både frå same nivå i Tyskland og andre nasjonar.

– Det blir spennande å sjå kva som skjer, men eg vil vite minst mogleg til det kjem noko konkret. No har eg fokus på å komme i form, seier han.

Overgangsvindauget opnar 1. juli, og Valsvik håpar det skal skje noko i månadsskiftet.

Kosta 1,2 millionar euro

Trass nedrykk: Valsvik og Eintracht Braunschweig var ingen kasteball sist sesong. Berre tre av dei 18 laga sleppte inn færre mål. Og sogningen var blant dei beste på laget.

Det gjer Anders Giske optimist med tanke på ny kontrakt.

– Valsvik har gjort sakene sine godt på eit bra nivå. Han er sterk fysisk, og kan vere ein ideell midtstoppar i lag med ein spelar med god fart, seier den tidlegare Tyskland-proffen.

Gustav Valsvik kosta Eintracht Braunschweig om lag 1,2 millionar euro då han gjekk frå Strømsgodset i 2016. Tyskarane ønskjer helst ikkje å selje sogningen med tap.

Vegopning på Bergum i Førde kommune