Hopp til innhold

Ungdommane i fylket er ikkje bortskjemte

Fylkesdirektør Tore Thorsnes i NAV synest ikkje det er eit stort problem at sommarvikarane tek ferie. – Det viktigaste er at ungdommane får eit forhold til arbeidslivet.

Tore Thorsnes

IKKJE EIT STORT PROBLEM: Tore Thorsnes i NAV meiner ungdommen i Sogn og Fjordane stort sett har god arbeidslyst.

Foto: NAV

Mange kommunar slit med å legge sommarkabalen fordi sommarvikarane også vil ha ferie. Fylkesdirektør Tore Thorsnes i NAV trur ikkje dette er noko nytt.

– Men det er klart, det er jo ei utfordring for arbeidsgivarar som baserer seg på sommarvikarar for å få avvikla ferien til dei fast tilsette.

Viktig rekrutteringsgrunnlag for framtida

I enkelte kommunar har dei innført bonusar for å få ungdommane til å arbeide dei siste vekene av ferien.

– Er det fare for at ungdommen på denne måten rett og slett konkurrerer seg sjølve ut av marknaden?

– Problemet oppstår om arbeidsgivarar unnlèt å gi tilbod til norsk ungdom. Vi er heilt avhengige av å ha moglegheiter for våre ungdommar til å skaffe seg erfaring og for så vidt også inntekt.

Torsnes påpeikar at arbeidsgivarar også må tenke på at dei må gjere seg attraktive for ungdommen med tanke på dei store rekrutteringsbehova til dømes i omsorgssektoren i åra framover.

– Kreativ løysing i Førde

– Slik sett er det viktig at ein finn løysingar. Eg synest det dei har gjort i Førde er kreativt. Eg trur at ungdom sjølvsagt skal tenke seg om når det gjeld kva type sommarjobbar dei søker, men på den andre sida er det jo slik at det ville jo vore ille om ungdommane våre ikkje skulle gå på festivalar og heller ikkje tok seg tid til å besøke besteforeldra sine eller kva det måtte vere i løpet av sommaren.

– Så det er ikkje slik at ungdommen har blitt for bortskjemt i Noreg?

– Nei, definitivt ikkje. I den grad dei har vorte bortskjemte er det i tilfelle vår feil, vi som er foreldre. Det som er vårt inntrykk er at ungdom i Sogn og Fjordane og elles er pliktoppfyllande ungdommar som gjer ein god jobb og som har lyst til å jobbe. Og så vil det jo alltid vere slik i eit samfunn at nokon øydelegg det biletet.

– Det viktigaste er at ungdommane får eit forhold til arbeidslivet. Det verste er jo om dei vert ståande utanfor, for då vert framtida også veldig vanskeleg