Hopp til innhold

– Trur kampanjar mot «Black Friday» berre fører til meir handel

OSLO/SOGNDAL (NRK): Stadig fleire vel å markere motstand mot handledagen «Black Friday». Forskar Karl Fredrik Tangen trur det verkar mot si hensikt.

KARL FREDRIK TANGEN KARL FREDRIK TANGEN

SKEPTISK: Forskar Karl Fredrik Tangen ved Høyskolen Kristiania trur motaksjonar til «Black Friday» kan føre til det motsette av det dei prøvar på.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er ikkje sjølvsagt at «Black Friday» får så mykje merksemd. Eg trur motkampanjar mot dagen også kan vere med på å skape meir trykk på den, seier Tangen.

«Black Friday» er ein handledag som vi har importert frå USA, og som har blitt ein populær dag for sal og gode tilbod.

Ein ny trend er at både små og store bedrifter i staden gjer det motsette. Dei markerer sin motstand mot kjøpepress og forbrukarsamfunnet på denne dagen på ulike måtar.

Friluftsmerket Bergans fiksar kleda til folk heilt gratis, medan andre held butikkane stengde heile dagen.

Tangen trur ikkje det bidreg til å senke forbruket.

– Nokre bedrifter ønskjer gjerne å fortelje ei historie om seg sjølv, dei vil få fram at dei er heva over «Black Friday». Dei er likevel med på å skape eit trykk rundt denne dagen.

Forskaren trur også enkelte kan spekulere i å vere mot den store handledagen, for å få merksemd.

– Dei ser kanskje at dette er ein måte å få merksemd om seg sjølv, på ein dag der ein elles vil forsvinne litt.

Torbjørn Selseng

DOBLAR PRISEN: Torbjørn Selseng produserer panneband heime i leilegheita i Sogndal. Han meiner forbrukssamfunnet går ut over klimaet, og han vil stogge det store kjøpepresset.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg trur alle har høyrt om «Black Friday»

Torbjørn Selseng produserer panneband med bedrifta si «Bjøddn» frå leilegheita si heime i Sogndal. Han er ein stor motstandar av det store kjøpepresset i samfunnet vårt, og meiner det går ut over klimaet.

For å markere sin motstand mot «Black Friday» let han alle varene i nettbutikken sin koste dobbelt så mykje som vanleg på fredag. Han vil likevel ikkje gå med på at han er med på å gje handledagen meir merksemd med stuntet sitt.

Bård i SGN

GRATIS FIKS: Skiprodusenten SGN tilbyr gratis skifiks på fredag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg trur faktisk alle har fått med seg kva den dagen er for noko, så eg trur eigentleg ikkje det. Eg vil skape ei motsett merksemd, eg vil ha mindre forbruk.

Skiprodusenten SGN markerer «Black Friday» med å tilby gratis skiprepping, slik at kundar kan gå ein sesong til med skia sine. Heller ikkje dei trur dei er med på å skape blest om handledagen.

– Vi markerer vår motstand mot kjøpepress, men folk kjenner til «Black Friday» frå før.

Torbjørn Selseng ved strikkemaskina si

PROTESTERER: Torbjørn Selseng og pannebandbedrifta «Bjøddn» sel produkta sine til dobbel pris på fredag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Heile systemet tener på diskusjonen

Karl Fredrik Tangen er likevel ikkje sikker på at dei som tek initiativ til motaksjonar har rett, sjølv om han ikkje tvilar på at dei har gode intensjonar.

– Det er faktisk ikkje slik at alle tenkjer over «Black Friday» før dei høyrer om det. Eg trur heile systemet tener på at det er ein diskusjon gåande om dagen, og slik kan motaksjonane verke mot si hensikt.