– Det er heilt klart ikkje god butikk, men eg håpar det kan få fram eit poeng, seier Torbjørn Selseng, dagleg leiar for nettbutikken Bjøddn.
Han sel sjølvstrikka panneband, på sida av studia. Under studietida ser han mykje på klimaendringar, som har gjeve Selseng ein vekkjar.
– Eg meiner at det er heilt tydeleg at skal vi kome oss gjennom det neste hundreåret må vi gjere nokre endringar, spesielt i den rikaste delen av verda og då særleg på forbrukarsida.
– Ansvarsfråskriving
Sjølv om bedrifta hans har gått bra, og spesielt før jul, vil han ikkje ta del i tilbodsfesten.
– Black Friday oppfordrar til eit konsum som ikkje er berekraftig, så handelsstanden må ta ansvar for at folk ikkje kjøper ting dei ikkje har brukt for. Black Friday er ansvarsfråskriving, seier Selseng.
– Eg doblar difor prisen i nettbutikken.
Selseng går mot straumen. Tal frå VIRKE viser at nordmenn vil bruke om lag 3,4 milliardar kroner på Black Friday i år.
IKEA er ein av dei få større kjedene som ikkje vil vere med på kjøpefesten.
Handlar det dei treng
Senterleiar ved Amfi Nordfjordeid, Gro Gjerdevik, meiner Black Friday har kome for å bli.
– Black Friday er ei stor merkevare som har kome til Noreg frå USA og skal vi greie å halde kundane våre her på Nordfjord må vi vera med, seier ho.
– Kundane kjem for å gjere eit godt kjøp.
Men handlane på Eid og i Førde er meir usikre. Folk NRK har snakka med meiner «ein kjøper meir enn ein treng», at det er «for amerikansk» og «for mykje folk og stress», medan andre seier det er godt med ein dag der alt er «skammeleg billeg».
– Eg har ikkje tenkt meg på handel på fredag. Eg finn det eg skal ha på nett, seier Per Tunold i Eid.
Takle konkurransen
På Sport 1 i Førde er dagleg leiar, Roger Aase, klar på at Black Friday er kjempeviktig for omsetnaden.
– Det er startskotet for julehandelen. Vi har sett at den fører til meir handel, meiner Aase.
Butikken har hatt Black Friday dei tre siste åra og ifølge Merethe Aase Vetti, også ved Sport 1, er dagen blitt viktig for butikken.
– Julehandelen er flytta litt seinare no, så ein er nøydd å ta dei gode dagane ein har. Black Friday må vi vere med på for å takle konkurransen mot nettbutikkar.
Selseng vil ikkje gi handlane dårleg samvit av å kjøpe noko dei treng, men håpar at nokre hever augebryna over hans dobling av pris.
– Topp med kupp, men ikkje kjøp ting du ikkje treng.