Hopp til innhold

– Tapte seks millionar kroner på tunnelbrann

Brannen i Gudvangatunnelen på E16 har blitt ei kostbar affære. Reiselivet i Indre Sogn og Voss tapte nær seks millionar kroner dei fire vekene tunnelen var stengd.

Montasje Gudvangatunnelen

STENGD I EIN MÅNAD: Etter brannen vart Gudvangatunnelen stengd i ein månad. Reiselivsnæringa tapte store summar på stenginga.

Foto: Johan Moen/Jørn Scholz/Arne Veum / Montasje/NRK

Ein polsk semitrailer tok fyr inne i tunnelen 5. august, og over 70 personar måtte evakuerast. Til alt hell gjekk det ikkje liv tapt, men mange måtte til sjukehus.

Tunnelen fekk store skader i brannen, og var meir eller mindre heilt stengd i ein månad. Med det vart E16 stengd midt i høgsesongen for reiselivsnæringa.

Gudvangen Fjordhotell åleine tapte over 1,5 millionar kroner fordi cruiseturistar som skulle ete hos dei aldri kom fram.

– Det er litt skremmande at èin lastebil kan setje heile Vestlandet i stå på denne måten, seier eigar Olav Hylland frustrert.

– Enorme summar

Den sterkt trafikkerte tunnelen på ein av hovudvegane mellom Austlandet og Vestlandet måtte reparerast for millionar av kroner etter brannen i den polske lastebilen i starten av august.

Brannen i lastebilen utvikla seg raskt og røykla heile tunnelen. Bilistane vart fanga i eit inferno av røyk, og i etterkant har det blitt karakterisert som eit under at det ikkje gjekk liv tapt.

Brannen var så omfattande at tunnelen måtte halde stengt i nær ein månad. Det førte til store problem for næringslivet i området, spesielt turistnæringa.

For E16 er vegen cruiseturistane brukar for å reise mellom Flåm og Bergen, og ei vegstenging midt i høgsesongen råka næringa hardt.

– Det seier noko om kor sårbare vi er på vegsystemet vårt. Det er enorme summar som har gått tapt, seier Hylland på Gudvangen Fjordhotell.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gudvangatunnelen

STORE SKADER: Til alt hell gjekk ingen liv tapt i den dramatiske tunnelbrannen. Semitraileren som byrja brenne var heilt utbrent, og tunnelen fekk store skader.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Turistane kom aldri fram

NRK har snakka med reiselivsverksemdene i området, og til saman melder dei om tap på nær seks millionar kroner.

Stalheim hotell, som ligg mellom Voss og Gudvangen tapte nær 2,5 millionar kroner, og Park Hotell Vossevangen på Voss tapte over 1,5 millionar på lunchgjester som aldri kom.

Men også små verksemder, som serveringsstaden Sogneporten merka stenginga godt. Sogneporten ligg like ved tunnelmunninga til Lærdalstunnelen i Aurland, og hadde mange fortvila reisande innom.

– Det var veldig stille med folk, og dei få som kom innom var folk som ikkje visste kor dei skulle køyre for å kome seg vidare til Bergen og andre plassar, seier Mariann Dimmen ved Sogneporten.

Store konsekvensar

Ho seier dei mista ein tredjedel av omsetnaden sin i august. Ein dramatisk tap for ei lita bedrift.

– Vi tapte 300.000 kroner i løpet av vekene tunnelen var stengd. Det betyr mykje for oss, får vi til dømes havari på utstyr har vi no mykje mindre kapital på bok til å betale for reparasjonane, seier ho.

Reiselivsnæringa er allereie pressa, og tapa på grunn av tunnelbrannen kjem på topp av dette. Det betyr mindre pengar til nye investeringar og marknadsføring.

– Det var ikkje akkurat dette vi trong, sukkar Olav Hylland ved Gudvangen Fjordhotell.

– Vi må utsetje ein del av prosjekta våre, i verste fall til neste sesong, seier han.

Arbeid i Gudvangatunnelen

ARBEID: I fire veker vart det arbeidd med reparasjonar og utbetring av Gudvangatunnelen etter brannen i starten av august.

Foto: Arne Veum