NRK Meny
Normal

– Tala viser at vi hadde rett

Trafikkteljinga til Statens vegvesen syner at talet på bilar over Dalsfjordbrua har auka med 13,5 prosent frå 2014 til i år.

Dalsfjordbrua
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Arve Helle, tidlegare ordførar i Fjaler og mellom dei ivrigaste forkjemparane for Dalsfjordsambandet, seier at tala stadfestar det han heile tida har hatt tru på.

– Eg synest det er veldig gledeleg, og det er kjekt å få stadfesta at vi hadde rett vi som kjempa for sambandet, og det syner at det var behov for det.

– Bomma med «berre» 24.000 bilar

For før den endelege avgjerda i 2009 om å byggje brua over Dalsfjorden mangla det ikkje på spådommar om kor lite trafikk det kom til å bli.

Arve Helle

– VELDIG GLEDELEG: Tidlegare ordførar i Fjaler, Arve Helle (Ap).

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi hadde diskusjonar med leiande rikspolitikarar som Per Sandberg frå Frp. Han snakka om 45 bilar i døgnet, og no syner tala at vi ved årsskiftet kjem til å ligge på rundt 700 bilar i døgnet i snitt.

På Facebook skriv Helle at trafikken snart er oppe i dei tala som SINTEF la til grunn og som vart møtt med hånlatter av brumotstandarane.

«I juli gjekk det i snitt 816 bilar i døgnet over Dalsfjordbrua. Det betyr 25.296 bilar (på ein månad), medan Sandberg og andre skeptikarar sine kalkylar var 1395. Ja ja ... Dei bomma berre med knappe 24.000 ...»

Høg pris og langdryg kamp

Kritikken frå dei som ville seie nei til å byggje brua gjekk på at det ville bli altfor dyrt i høve til nytta. Prislappen kom til slutt på 1,2 milliardar kroner.

Men det var stor fest då dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) opna Dalsfjordsambandet 14. desember 2013. For Arve Helle og aksjonistane som så lenge hadde jobba for å få bru over Dalsfjorden var det god grunn til å feire, for det var ein veldig langdryg kamp før politikarane til slutt sa ja.

Opning av Dalsfjordbrua

OPNING I REGN: Dåverande fylkeordførar Åshild Kjelsnes (Ap) opna Dalsfjordsambandet 14. desember 2013.

Foto: Alf Vidar Snæland

No, snart fire år etter opninga, viser trafikktala at det har vore ein jamn vekst kvart år. I dei sju første månadene i 2017 ligg trafikken 13,5 prosent over trafikken i tilsvarande periode i 2014.

Arve Helle seier ein av effektane av brua er at Askvoll og Fjaler har vakse saman til eit felles bu- og arbeidsområde.

– På begge sider av fjorden kan vi vise til fine tal når det gjeld folketalsutvikling, så eg synest vi får stadig fleire argument for at dette var ei rett satsing.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.