Etterlengta bruopning etter 40 år - folkefesten samla rundt 3000 menneske

I dag kunne innbyggarane i Askvoll og Fjaler sleppe jubelen laus. Det etterlengta og omstridde Dalsfjordsambandet opna. I 40 år har kampen pågått, og inne i Nishammartunnelen hadde store og små samla seg for å ta del i feiringa.

No er brua opna. Fleire tusen menneske tilstades å feira hendinga.

SÅ ER BRUA OPNA: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har skore over snora med ein Helle-kniv. Til venstre for henne vegdirektør Terje Moe Gustavsen og ordførar Arve Helle i Fjaler, til høgre ordførar Frida Melvær i Askvoll og regionvegdirektør Helge Eidsnes. Foto: Alf Vidar Snæland.

– Eg er full av beundring over entusiasmen de har halde levande år etter år, og som har synt å løne seg. Denne brua vil binde folk saman. Vegar gjer det, den bind folk og hjarte saman. Vegar skapar alliansar, og det vi politikarar kallar regional vekst, sa ei tydeleg rørt Liv Signe Navarsete frå talarstolen.

Liv Signe Navarsete manar til kamp

VIS KRITIKARANE AT DEI TEK FEIL: Liv Signe Navarsete var tydeleg rørt over at Dalsfjordforkjemparane endeleg kunne gå sigrande ut av den langvarige kampen.

Som tidlegare samferdsleminister og fylkestingspolitikar har ho hatt saka om det omstridde Dalsfjordsambandet på sitt bord fleire gonger. Ei oppteljing fylkesordførar Åshild Kjelsnes hadde gjort, synte at berre i fylkestinget har saka vore oppe sju gonger, i tillegg kjem handsaming i samferdsleutval, fylkesutval og budsjetthandsamingar.

(Artikkelen held fram under bileta)

– Dei kan dra dit peparen gror!

Liv Signe sparte ikkje på krutet under dagens helsing til dei frammøtte.

– Dei negative responsane frå storsamfunnet må gjerast til skamme. Nokre har sagt at det er feil å bruke pengar her, det er jo ikkje folk her. Men, jammen er det folk her, i alle fall i dag. Eg seier dei kan dra dit peparen gror, dei som kritiserer! Vis dei at brua utløyser vekst, manar SP-leiaren frå talarstolen.

– Verken eg eller dåverande vegdirektør Søfteland vil gløyme dagen i 2005, då han kom på kontoret mitt og eigentleg ville endre prioriteringane til fylkestinget. Eg sa ikkje så mykje på det møtet, men eg sa nokre ord. fylkestinget sine prioriteringar står fast, sa eg. Tre gonger.

Utsegna og helsinga frå den tidlegare samferdsleministeren vart motteken med trampeklapp frå dei rundt 3000 tilhøyrarane.

Opning av Dalsfjordbrua

STAPPFULLT I TUNNELEN: Rundt 3000 hadde møtt opp for å få med seg opninga.

Foto: Alf Vidar Snæland

Endeleg slutt på vonbrot, fram med gleda

– Den 14. desember 2013 vil for alltid stå fram som ein merkedag i heile Sogn og Fjordane, og aller mest for folket i Fjaler og Askvoll. Veganlegget med Norges, ja kanskje verdas lengste svangerskap er endeleg fullbyrda, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå talarstolen til vill jubel frå dei frammøtte.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes hausta stor jubel

TID FOR GLEDE: I dag er det lov å vere glad, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes i si tale.

Ho sa at i dag er dagen for både latter og gledestårer.

– Eg er veldig glad for at vi i dag, for siste gong, kan låse døra til rommet med vonbrot og utsettingar. Det rommet har vi ikkje bruk for lenger, sa Kjelsnes, og hausta igjen stor jubel frå dei som deltok på folkefesten.

Vegen fram mot opninga av Dalsfjordsambandet, som knyt Askvoll og Fjaler saman, har vore lang og kronglete. Historia fortel om løftebrot, vegar som stoppa i ingenmannsland og ei dødsulukke.

Einar Hovland og Henning Rivedal

- KLUMP I HALSEN: Henning Rivedal t.h. saman med prosjektleiar Einar Hovland, var rørt.

Foto: Alf Vidar Snæland

I dag held Gud verkeleg fest i Fjaler

– Eg er ikkje den einaste som har klump i halsen i dag, sa bruforkjempar og programleiar Henning Rivedal frå talarstolen.

Han meiner det var nærare 4000 menneske som møtte opp for å ta del i den store folkefesten det er når den etterlengta Dalsfjordbrua endeleg kan opne, andre tippa rundt 3000.

"Eg skal ikkje gløyme kvelden, det var ein augustikveld, Vårherre heldt fest for folket i Fjaler prestegjeld", skreiv Fjaler-diktar Jakob Sande i eitt av sine mest kjende dikt, "Då Gud heldt fest i Fjaler".

Og fjalerbuene som møtte fram til den storslegne feiringa av Dalsfjordsambandet laurdag, vil nok heller ikkje gløyme denne feststemde desemberdagen.

Dei første fire kilometerane av vegen stod klare allereie i 1975, men først i dag, 40 år og nærare ein milliard kroner seinare er heile sambandet klart til å ta i mot bilistar.

Helge Eidsnes taler til dei frammøtte

TALER TIL DEI FRAMMØTTE: Regionsjef i Vegvesenet, Helge Eidsnes, kjem med si helsing til dei som har venta på brua.

Foto: Kjell Arvid Stølen
Rolf Losnegård har i fleire tiår kjempa for Dalsfjordbrua. I dag fekk han som førstemann køyre over brua han har jobba så hardt for.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes stod for den høgtidlege opninga. Vegdirektør Terje Moe Gustavsen, regionvegsjef Helge Eidsnes og stortingspolitikarane Liv Signe Navarsete frå Sp og Sveinung Rotevatn frå Venstre var også til stades på markeringa.

Snora vart kutta med ein spesiallaga kniv frå Helle knivfabrikk i Askvoll.

Song og dans i tunnelen

Før det hadde Askvoll og Dale felleskorps underhelde med korpsmusikk inne i Nishammartunnelen, Dalsfjorden spelemannslag spelte Dalsfjordvalsen, laget spelte også då Seniordansen i Askvoll og Fjaler svinga seg til dans.

Og for å streke under kor mange skjer i sjøen det har vore for Dalsfjordbrua, song DeKor/Atløykoret "Bridge over troubled water". Skuleborn frå Askvoll skule, Holmedal Montessoriskule og Dingemoen skule song "Dalsfjordbrua reiser seg" av John Trygve Mulhearn Evensen.

Rolf Kleiven

GLAD MANN: Aksjonsleiar Rolf Kleiven viste godt igjen i folkemylderet inne i tunnelen.

Foto: Alv Vidar Snæland