Hopp til innhold

– Små marginar avgjorde i jamn kamp

– Det var ein jamn og tett kamp, og det var små marginar som avgjorde, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke

HADDE IKKJE MARGINANE PÅ SI SIDE: Sogndal-trenar Eirik Bakke er trygg på at Sogndal skal behalde plassen i eliteserien sjølv om dei gjekk på nok eit tap mot erkerivalen Brann.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

På ein regntung Brann Stadion vart det litt stong ut for gjestene frå saftbygda. Etter berre åtte minutt gjer Per-Magnus Steiring ein tabbe som Deyver Vega veit å utnytte og sørger for 1–0 til Brann.

– Det er ein lang ball som kjem inn i bakrommet. Kjetil Wæhler klarerer, eg hadde god tid på meg og skulle klarere den unna med venstre fot. Det var vått og sleipt på bana og eg trur alle såg kva som skjedde, seier Steiring.

Laster innhold, vennligst vent..

Jamn kamp

– Vi fekk 1–0 i mot oss. Men vi stod på og fekk 1-1, då følte eg vi hadde ein 15–20 minutts periode som var bra, men så starta Brann best i 2. omgang og då var vi på hælane med ein gong, seier Bakke.

For fem minutt ut i andre omgang scorar nemleg Kristoffer Barmen det andre målet for Brann. Det var også den siste scoringa i kampen.

– Då vart det litt sånn stong ut, seier Bakke

– Du seier likevel at du er trygg på at de skal klare dykk?

– Du får som fortent etter 30 kampar, men føler vi er solide og vi er inne i kvar kamp. No vann vi 2–0 mot Kristiansund sist. Kampen før tapte vi 2–1 og så taper vi 2–1 i dag. Vi er inne i kampane, og vert ikkje utspelte, seier Bakke.

Men Bakke vedgår at Sogndal har litt å gå på.

– Det kladdar litt offensivt når vi har ballen. Men eg følte kampen i dag er jamn, og uavgjort hadde kanskje vore det mest naturlege resultatet, men det vart det ikkje.

Laster innhold, vennligst vent..