NRK Meny
Normal

– Sjukeheimar treng ikkje skjenkeløyve

Lova gir sjukeheimar høve til å skjenke alkohol utan at dei treng å søke om skjenkeløyve, seier ordførar Ola Teigen i Flora.

Ola Teigen

– LOVA ER KLAR: Ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I Flora får dei som bur på sjukeheim tilbod om øl eller vin til maten, seier Teigen.

– Vi har gitt tilbod om eit glas øl eller vin til dei som ønsker det, og det er heilt uproblematisk. Alkohollova er klar på at ein institusjon er heimen til folk, og då treng ein ikkje søke om skjenkeløyve med mindre ein har tenkt å ta betaling for alkoholen.

Det vekte oppsikt då formannskapet i Balestrand sa nei til ein søknad frå Balestrand helsetun om skjenkeløyve. Og i Førde er det planar om å søke om skjenkeløyve for pubkveldar på Førde Helsetun.

Men dei tilsette på desse institusjonane kan altså skjenke alkohol til dei som bur på sjukeheimane og eventuelle besøkande utan å tenke på skjenkeløyve.

– Bør ikkje vere alkoholpoliti

Ola Teigen har ei klar melding til kollegaen sin i Balestrand:

– Så ordførar Harald Offerdal i Balestrand bør ta med seg vinflaska og skjenke i eit glas til dei eldre heilt utan å spørje korkje formannskapet eller kommunestyret sitt, seier Teigen.

Han seier det ikkje er grunn til uro for tryggleiken til dei eldre om det blir servert alkohol.

– Dette er vaksne og myndige menneske. Eg trur politikarane skal vere veldig varsame med å moralisere og vere alkoholpoliti for dei som bur på institusjon. Dei har same rettane som oss andre, og bør få lov til å ta seg eit glas vin når dei treng det.

– Og de har ikkje hatt negative konsekvensar av alkoholskjenkinga?

– Ikkje det eg kjenner til. Tvertimot er dette eit populært tilbod som dei som ønsker nyttar seg av med jamne mellomrom. Det er ikkje noko stort forbruk, men dei som ønsker får det, og det går heilt fint.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.