NRK Meny

Her kan dei få pub på sjukeheimen

På Førde Helsetun er det planar om å ha pubkveldar for dei som bur der og for pårørande.

Førde Helsetun

HER KAN DET BLI PUB: På Førde Helsetun er det planar om at det skal bli alkoholservering.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dette skal vere ein uformell møteplass der dei eldre kan ta seg eit glas øl eller vin om dei ynskjer det, seier Ellen Hugøy, som er sjukepleiar i Førde kommune og arbeider med eldreaktivitet og førebygging, og som er med på å planlegge eldrepuben.

Ellen Hugøy

PLANLEGG PUBKVELDAR: Ellen Hugøy.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– No kan folk få ein stad å møtast. Vi skal søke om skjenkeløyve enkelte kveldar. Vi tenker oss temakveldar, kanskje pubkveld, spel- eller musikkveld.

Nei i Balestrand

Då Balestrand formannskap nyleg sa nei til at Balestrand Helsetun fekk servere alkohol til middag, vekte det reaksjonar. Mellom dei som meiner det er feil er stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp).

Bård Hoksrud (Frp)

– MÅ FÅ BESTEMME SJØLV: Stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp).

Foto: Thomas Wiborg / NRK

– Sjukeheimen er heimen deira, og då må dei få bestemme sjølv. Eg ventar at kommunestyret i Balestrand opnar for det, slik at dei eldre kan få ta seg eit glas vin eller konjakk eller noko til middag.

Vil auke trivselen

Og på Førde Helsetun har dei no altså planar om å få ein møteplass med alkoholservering. Målet er å auke trivselen og gjere det meir sosialt for dei som bur der.

– Vi skal ha ein prøvekveld den 21. juni, så får vi sjå kor mange som er interesserte, og så vil vi jobbe vidare med det saman med brukar- og pårørandeutvalet, seier Ellen Hugøy.

– Bør gle oss til å kome på sjukeheim

Jorunn Eide Kirketeig

– BØR KUNNE GLE SEG: Jorunn Eide Kirketeig.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Jorunn Eide Kirketeig sit i dette utvalet, og ho meiner at dei som bur på sjukeheimane sjølve må få avgjere om dei vil ta seg eit glas øl eller vin.

– Alle kvir seg for å kome på sjukeheim. Det må vi få gjort noko med. Når vi treng den tryggleiken som det er å vere på sjukeheim, så burde det vere noko vi gler oss til å få nytte av, ikkje noko vi er redde for.

– Bør ikkje kome

Men Asbjørn Nordstrand, som bur i omsorgsbustad ved Førde Helsetun, synest ikkje det er nokon god idé med pub og alkohol.

– Dette bør ikkje kome, for vi er så svake. Eg har klart meg godt utan alkohol.

– Smakar av aldersdiskriminering

Jan Davidsen, leder i Fagforbundet

– ALDERSDISKRIMINERING: Leiar Jan Davidsen i Norsk Pensjonistforbund.

Foto: Johan B. Sættem

Men når generasjonen som har eit meir liberalt syn på alkohol no snart inntek sjukeheimane, vil nok mange ynskje alkoholservering velkomen.

Jan Davidsen er leiar i Norsk Pensjonistforbund, og han meiner det bør vere like naturleg å ta seg eit glas øl eller vin for dei som bur på sjukeheim som for folk elles.

– Det smakar av aldersdiskriminering at dei eldre ikkje skal få alkohol til maten. Det må ikkje vere slik at alderen skal vere eit hinder for at du kan leve nokolunde som du har gjort gjennom eit langt liv.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar