Normal

Politikarane vil nekte Petra å ta seg eit glas vin til maten

BALESTRAND (NRK): Helsetunet i Balestrand i Sogn ønsker å kunne servere alkohol til dei eldre under middagen. Det seier formannskapet nei til.

Petra Våge

FEKK EIN SMAK: Petra Våge synest formannskapet bør la dei få nyte eit glas vin til maten. Dei fekk prøve ordninga i pinsa, og det synest Våge var fint.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Det er snakk om eit lite glas i fellesskap under middagen, seier leiar, Heidrun Grinde ved Balestrand Helsetun.

I pinsehelga blei det servert reker og vin på helsetunet som ei prøveordning, etter ønske frå dei som bur der. Og det synest både dei tilsette og bebuarane var så vellukka at dei vil halde fram med det.

– Elles drikk eg berre vatn, men i pinsa fekk vi ein liten smak. Det var ikkje så mykje at vi blir rusa av det, seier Petra Våge som bur på helsetunet.

Eldre dame i huset sitt, lager på sykehjem med øl og vn, gamle rundt et bord på sykehjem. Matlaging på kjøkken.

VIL SERVERE ALKOHOL: Bebuarar og tilsette ved Balestrand Helsetun ønsker å kunne servere litt alkohol ved spesielle høve. Det seier formannskapet nei til.

Nei frå formannskapet

Dei som bur på sjukeheimen får kjøpe eigen alkohol og nyte den på rommet sitt. Fleire kommunar i landet har opna for at sjukeheimar kan få servere alkohol. Men formannskapet i Balestrand seier nei.

Leiar Balestrand Helsetun, Heidrun Grinde.

OVERRASKA: Heidrun Grinde er litt overraska over avgjerda i formannskapet, og håpar kommunestyret har ei annan meining.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Om dette skal skje i fellesareal der besøkande er, er ikkje det nokon god kombinasjon. Så kan ein også diskutere om helsetunet er rett plass for eit skjenkeløyve, seier Arnstein Menes (Sp), i formannskapet.

Saka skal bli behandla i kommunestyret i juni og leiar ved helsetunet, Heidrun Grinde, håpar politikarane endrar meining når dei skjønar at det berre er snakk om litt kos til maten.

– Skjenkeløyva handlar jo ikkje om at vi skal selje alkohol, men at dei skal kunne ta seg eit glas på laurdagskvelden. Den generasjonen som kjem hit no er vand med å gjere det, seier Grinde.

– Inviterer ikkje til fest

Kommuneoverlege, Øystein Furnes i Førde meiner det ikkje kan skade om bebuarar på sjukeheim får servert eit glas vin ved spesielle høve.

– Dei inviterer ikkje akkurat til fest. Dei som bur på sjukeheimen bør få lov til å nyte eit glas vin eller øl til maten saman med vennene sine, seier Øystein Furnes.

Han seier det bør vere opp til den enkelte institusjonen om dei vil spandere litt alkohol på dei som bur der. Han hadde sjølv ønska å få tilbodet om han budde på ein sjukeheim.

– Eg hadde håpa å få eit glas vin til middagen, og akevitt til juleribba, seier han.

Øystein Furnes, kommuneoverlege i Førde.

UPROBLEMATISK: Kommuneoverlege, Øystein Furnes meiner det ikkje bør vere eit problem at dei eldre får drikke alkohol til maten.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune