«Sjølv om dette fekk ein veldig tragisk utgang, så kan det føre til at andre liv faktisk blir redda»

STRAUME (NRK): Det djupt tragiske dødsfallet til kvinna som blei råka av rabies, kan føre til at andre vaksinerer seg og at liv dermed blir redda. Det meiner familien sin kontaktperson og smittevernlege.

Smittevernlege Jens Eikås i Fjell kommune

FAMILIEKONTAKT: Smittevernlege Jens Eikås har dagleg kontakt med dei pårørande til kvinna som døydde av rabies.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Vi får kanskje meir fokus på vaksinasjon og korleis ein skal stelle seg før ein reiser til land der det er smitte. Sjølv om dette fekk ein veldig tragisk utgang, så kan det føre til at andre liv faktisk blir redda, seier lege Jens Eikås i Fjell kommune.

Måndag døydde ei ung kvinne på Førde sentralsjukehus av den frykta sjukdomen rabies. Det første tilfellet på norsk fastland sidan 1815 og eit dødsfall som har vekt stor merksemd i inn- og utland.

Kvinna kom frå Fjell utanfor Bergen, men jobba på sentralsjukehuset i Førde. Ho var på reise saman med fleire andre i eit land i Søraust-Asia og skal ha fått smitten i seg i kontakt med ein hund.

– Det var jo ikkje tankar om smitte i denne samanhengen, fortel Eikås, som har nær kontakt med familien til kvinna som døydde.

Kvinna var i kontakt med legevakta i Førde og blei etter kvart lagt inn på sjukehuset. Det gjekk åtte dagar frå ho fekk symptom til ho døydde av rabies.

Fleire vil ha vaksine

I etterkant har det vore ein aukande pågang frå heile landet for å få vaksinar mot den dødelege sjukdomen. I Førde har fleire titals personar blitt vaksinert, over 30 av dei er kollegaer av kvinna og anna helsepersonell.

– Det har vore ein auke i bestillinga av rabiesvaksine den siste veka, det har jo det. Både knytt til dette tilfellet og generelt frå landet elles, seier Berit Sofie Wiklund ved vaksineavdelinga til Folkehelseinstituttet.

Ho forsikrar om at styresmaktene har eit stort beredskapslager av rabiesvaksine og at dei ikkje er uroa for å gå tom.

– Vi høyrer jo det i rådgjevinga vår at det er mange som er uroa, som kanskje har vore på tur og som kanskje har vore i kontakt med mogleg smitteførande dyr, seier Wiklund.

Styresmaktene har vore tydelege på at det aldri er dokumentert smitte av rabies mellom menneske, men at det teoretisk sett kan smitte for helsepersonell som er i svært nær kontakt med pasienten. Sjansen er svært liten for at det kan skje.

Sentralsjukehuset i Førde

INNLAGT HER: Kvinna i tjueåra var innlagt på Førde sentralsjukehus.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Kollegaer i sorg

Det blei kjent i går kveld at kvinna jobba på sentralsjukehuset i Førde, der ho seinare blei pasient og døydde. Administrerande direktør Arve Varden fortalde då at kollegaene er i sorg.

– Kollegaene har det tøft, som også pårørande naturleg nok har. Vi har eit opplegg på gang for dei som har jobba nærast med ho. Så er det slik at nokon var tettare kollega enn andre, seier Varden.

Han er nøye med å peike på at sentralsjukehuset er trygt for alle som kjem dit og at det ikkje er smittefare.

I Fjell utanfor Bergen har lege Jens Eikås ansvaret for smittevernet, men i desse dagar har han eit like stort ansvar for å vere hjelpar og kontaktperson for den råka familien. At det tragiske dødsfallet kan føre til auka merksemd på vaksinar, er trass alt bra, meiner han.

– Det er ille dette her, men akkurat det kan jo vere litt godt opp i det også kanskje, seier Eikås.