NRK Meny
Normal

– Kommunane er ikkje rusta for å ta vare på psykisk sjuke

Kommuneoverlege Jan Helge Dahle i Flora meiner Helse Førde bryt med samhandlingsreforma når dei no vil kutte seks millionar kroner i psykiatrien. – Samhandlingsreforma for rus og psykiatrigruppa er ikkje for vel komen i gang i store delar av Sogn og Fjordane, seier han.

Førde sentralsjukehus

PSYKIATRI: Spesialistane vil ikkje lenger få like stort rom til å hjelpe kommunane med psykiatriske pasientar dersom Helse Førde gjennomfører kuttet på seks millionar kroner i psykiatritenesta. Dette tykkjer kommuneoverlege Jan Helge Dahle i Flora er urovekkjande.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Regjeringspartia har sett av ekstra pengar til rus og psykiatri på statsbudsjettet.

Likevel vil Helse Førde kutte seks millionar kroner på neste års budsjett , noko som betyr at kommunane må ta ein større del av ansvaret.

– Dersom det blir slik at effektiviseringa i sjukehus også gjer at spesialistane i endå mindre grad kan hjelpe ute i lokalsamfunna, så trur eg dette er veldig feil veg, seier kommuneoverlege i Flora, Jan Helge Dahle.

– Bryt med reform

Samhandlingsreforma krev at pasientar så raskt som råd skal tilbake til heimkommunen sin etter behandling på sjukehus. Men kommuneoverlegen i Flora er uroa over kuttvarselet frå Helse Førde.

For kutta vil gje færre fagfolk som reiser ut i kommunane for å hjelpe pasientar der.

– Ein har kanskje gjort ein del bra arbeid i Nordfjord og i Sogn, men i Sunnfjord har vi sett lite til den desentraliseringar som skulle komme, seier han og meiner kutta bryt med samhandlingsreforma.

– Skal vere nær

– Det har ikkje vore spesielt mykje jobba med tettare samarbeid mellom sjukehussektor og kommunal sektor, og då er det endå meir utfordrande når psykiatrien seier at ein har endå mindre ressursar til dette samarbeidet og til denne hjelpa som sjukehustenesta må gi ute i kommunane, seier han.

Samhandlingsreforma, som kom i 2012 seier at tenester skal vere nær der folk bur, at det er viktig med tidleg innsats i eit sjukdomsgang og, at pasientar og brukarar skal få eit tilbod som er lett å forstå og halde seg til.

Den seier også at kommunane og sjukehusa har plikt på seg til å samarbeide.

– Jamt over godt tilbod

Vidar Roseth er nøgd med arbeidet med å redusere talet på liggedøgn i Sogn og FJordane.

SAMHANDLINGSSJEF: Vidar Roseth er ikkje samd i at psykiatrikutta er i strid med samhandlingsreforma.

Foto: Privat

Samhandlingssjef i Helse Førde, Vidar Roseth, seier det er store skilnader på tilbodet kommunane har, men at tilbodet jamt over er godt i Sogn og Fjordane.

– Vi har ganske bra struktur på faste samarbeidsmøte i alle regionar og det er godt høve til samtale mellom nivå når det gjeld pasientoppfølging, seier han og legg til at undersøkingar viser at fastlegane i fylket er dei som er mest nøgde med helseføretaket sine psykiske helsetenester og samhandlinga.

Roseth er ikkje samd i at kutta er kutta er i strid med samhandlingsreforma.

– Det er ikkje snakk om så dramatiske endringar at den rokkar så mykje ved samhandlinga og tenestetilbodet.

– Må jobbe lurt

Kommuneoverlege Dahle meiner det er somatikken, som gjeld behandling av den fysiske delen av kroppen, som har kome best ut av samhandlingsreforma.

Der gjev han både Helse Førde og kommunane ros for innsatsen. Men for psykiatrien, og då spesielt i Sunnfjord, står det dårlegare til.

– Det er ei gruppe ein av og til ser at ressursinnsatsen kastar lite av seg på kort sikt. Men kanskje det er dertil viktigare å jobbe fagleg lurt med denne gruppa, seier Dahle.

Deler frykt

– Då har det vel vist seg at spesialiserte tilbod i nærområdet, i heimane deira eller kanskje i tilrettelagde bustader, er det som verkeleg gir kvalitetsbetring og er kostnadseffektivt for denne gruppa, seier Dahle.

Han fryktar at institusjonalisering og sentralisering vil vere endå verre for pasientar med psykiatriske problem enn for ein del med somatiske plager.

Kommuneoverlegen deler tillitsvalde si frykt for at psykiatriske pasientar ikkje vil kunne få same oppfølging i heimkommunen dersom kutta blir gjennomførte.

– Uheldig

Helse Førde vil gjennomføre kutta i alle delar av psykiatrien, og vil føre til at behandlarar får meir å gjere på kortare tid.

Samhandlingssjef Roseth seier seg samd i at det vil vere uheldig at ein ikkje lenger kan reise ut til pasientar i like stor grad som før.

– Psykiatrien har kome litt i skuggen ei stund fordi det har vore innført økonomiske verkemiddel i samband med samhandlingsreforma i somatikken først. Mellom anna når det gjeld utskriving av pasientar og betaling for liggedøgn ved sjukehuset, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.