Hopp til innhold

– Overgrep mot born hender oftare enn vi trur

Med kampanjen «Jeg er her» set Redd Barna fokus på overgrep mot born.

Bergit Svendseid

BARNA: Bergit S. Svendseid fortel at overgrep mot born skjer oftare og nærare enn ein trur.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Hvis klær kunne fortelle

UTSTILLING: Utstillinga viser fram klede og andre gjenstandar som har tilhøyrt utsette born.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Redd Barna ønskjer at vaksne skal seie «eg er her» til born ein trur kan vere utsett for seksuelle overgrep. Omkring halvparten av befolkninga kjenner nokon som har vore utsett for seksuelle overgrep som born, og organisasjonen vil skape ei bevisstgjering rundt temaet.

– Det er fordi overgrep mot born hender oftare, nærare og er meir skadeleg enn vi trur. Vi tykkjer det er viktig at vaksne fortel til born at dei er der for dei og vil høyre på kva dei har å seie. Då blir det og lettare for born å fortelje det dersom dei har opplevt noko vondt, fortel regionkonsulent i Redd Barna, Bergit S. Svendseid.

På Høgskulen i Sogndal opna utstillinga «Viss klede kunne fortelje» måndag. Her blir det vist fram klede, leiker, bøker og andre ting som har høyrt til utsette born.

– Av og til kan ein ha ein mistanke, men ein er redd for at ein tar feil. Meld frå til barnevernet eller politiet likevel. Mange av borna som har vore utsett for overgrep seier det aldri var nokon som spurte, men det var nok mange som visste at det var noko med dei, fortel Svendseid.

Utstillinga Hvis klær kunne fortelle kjole

STERKE HISTORIER: Dette var den første kjolen til ei lita jente. Ho blei berre åtte år gamal.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Supplement til utdanning

Merete Nornes-Nymark

LEKTOR: Merete Nornes-Nymark ved Høgskulen i Sogndal seier utstillinga er eit nyttig supplement til utdanninga.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Høgskulelektor Merete Nornes-Nymark fortel at fleire av utdanningane har eit fokus på born i utsette situasjonar og seksuelle overgrep. Difor passa det godt å få utstillinga til Høgskulen i Sogndal.

– Utstillinga tydeleggjer og synleggjer, og fokuserer meir på seksuelle overgrep, noko som kan skapa tilleggskunnskap, meiner ho.

– Det er sterke historier som gjer inntrykk både på studentar og andre som ser utstillinga. Det er viktig at ein stoppar opp og tek inn over seg at det faktisk skjer, legg Nornes-Nymark til.

hvis klær kunne fortelle redd barna
Foto: Magnus Gamlem/NRK