Hopp til innhold

– No må bilistar vere ytterst forsiktige

Nær 100 fleire hjortar har blitt påkøyrd av bil så langt i år i høve til i fjor. No vert bilistar åtvara.

Påkøyrd hjort

KOSTNADER: Ifølge tal frå Statens vegvesen kostar ein påkøyrsel i snitt 50 000 kr, blant anna ved utrykking av politi og ambulanse, ettersøk av skadde dyr, og skader på køyretøy.

Foto: Rudi Sønnervik

– Trafikantane må vere ytterst forsiktige. Det er berre å senke farten, det er ingenting anna å gjere.

Oppmodinga kjem frå miljøvernleiar Odd Rønningen i Stryn kommune. Han kan melde om heile 34 påkøyrde hjortar i kommunen så langt i år. Det er 16 fleire enn i heile fjor, utan at desember er inkludert.

– Vi har att ein månad vi må rekne med mange påkøyrslar, det kan nærme seg 50 påkøyrde dyr, seier Rønningen.

Ifølgje Hjorteviltregisteret vart 302 hjort påkøyrde dei elleve første månadane i 2016. Tilsvarande tal for 2017 er 396, og då er statistikken truleg ikkje heilt oppdatert. I hjortekommunar som Stryn og Gaular vert det meldt om store mengder hjort i låglandet.

Måtte fram med boremaskina

Frå fruktbønder vert det meldt om mykje hjort på innmark. I Utvik vart det ein kveld telt 40 hjort i eit område. I Loen måtte fruktbonde Knut Ove Loen bygge gjerde i lag med naboen i all hast.

– Det var 17 hjort i jordbæråkeren. Då måtte vi i hu og hast setje opp eit gjerde, men det var ti centimeter tele, så vi måtte låne aggregat og boremaskin med ein røyrleggar for å få det til, og så bruke spett etterpå.

Sjølv har han eit to meter høgt gjerde rundt frukthagen sin.

– Utan det, hadde det nok gått temmeleg mykje hjort der. Tidlegare år har dei klart å kome seg gjennom og gnege på spesielt nye skot. Det likar dei godt.

– Det er ikkje populært hos fruktbonden?

– Nei, det er dårleg bæskjering, for å seie det slik, seier Loen.

Gjekk på beinstumpen

– Vi har sett veldig mykje dyr langs vegane. Veldig mykje, meir enn på mange år, seier fagkonsulent Magnus Mo i Gaular kommune.

Den tidlege vinteren, men mykje snø i høgda, vert peika på som éi av årsakene til mykje hjort i låglandet. Dei siste fire månadane er 36 hjort påkøyrde i Gaular. Mo oppmodar bilistar til å slakke på farten, og fortel om ei hendig sist søndag.

Magnus Mo

MANGE HAR DET TRAVELT: – Med så mange som ti påkøyrslar i september, så tyder det på at mykje av hjorten alt då vare kome ned til innmarksområda, seier fagkonsulent Magnus Mo i Gaular kommune.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit/NRK

– Ein kalv vart påkøyrd, eine bakfoten gjekk tvers av og kalven gjekk rett på beinstumpen. Det er mykje liding for dyra.

Dårleg haust for solcellene

På ni ulike strekningar i Sogn og Fjordane er det sett i gong prøveprosjekt med nye, blinkane varselskilt for å varsle om hjortetrekk.

I Stryn var ni av 14 påkøyrslar i november innanfor strekninga med varsellys. Miljøvernleiar Rønningen konkluderer med at varselskilta er rett plassert, men at teknikken må bli betre. Det stadfestar prosjektleiar Magnus Frøyen ved Norsk Hjortesenter.

– Det har vore problem med straumforsyninga, som er via solcellepanel. Vêret for solcellelading har ikkje vore heilt optimalt i haust, seier Frøyen.

No aukar ein batterikapasiteten og har reservebatteri klare.