– Dette er eit skilt med varsel som blinkar når det er stor fare for hjort. Det blir styrt av statistikk frå tidlegare påkøyrslar, seier Magnus Frøyen ved Norsk Hjortesenter.
Ein hjortepåkøyrsel kan føre til lidingar for både dyr og menneske, men den svir også for lommeboka. Ifølge tal frå Statens vegvesen kostar ein påkøyrsel i snitt 50 000 kr, blant anna ved utrykking av politi og ambulanse, ettersøk av skadde dyr, og skader på køyretøy.
Sjølv om det allereie finst trafikkskilt som varslar bilistar om fare for hjort, er ikkje desse effektive nok.
– Dette er eit større skilt med varsellampar, så desse vil folk bak rattet oppfatte lettare. Blinkande skilt vil dei ikkje kunne unngå, seier Ann Kristin Nes, som er viltkontakt i Statens vegvesen.
- Les også:
- Les også:
– Potensielt vil desse skilta kunne redde liv
I fjor var det 1214 registrerte påkøyringar av hjort i Norge. Det er eit veksande problem, og talet stig kvart år.
– Potensielt vil desse skilta kunne redde liv, seier Nes.
PRØVEPROSJEKT: Sju skilt av denne typen er plassert på utsette strekningar i Sogn og Fjordane som eit prøveprosjekt. Magnus Frøyen frå Norsk Hjortesenter (t.h.) og Ann Kristin Nes frå Statens vegvesen (t.v.) avduka eit nytt skilt på riksveg fem.
Foto: ANDERS MILDESTVEIT / NRKNo set Statens vegvesen og Norsk Hjortesenter i gang eit prøveprosjekt med sju blinkande fareskilt i Sogn og Fjordane. Ein liknande skilttype har vore testa ut på strekningar med mykje elg.
– Det har gitt gode resultat, så no håper vi på det same med hjort.
Hittil i år har 97 hjort blitt påkøyrd på vegane berre i Sogn og Fjordane. Vegvesenet håpar at også resten av landet skal få varselskilt på utsatte stader.
- Les også: