NRK Meny
Normal

– No kan Sogndal sikte høgare

Tidlegare Sogndal-leiar Rolf Navarsete meiner klubben bør sjå opp og fram for det sportslege ambisjonsnivået.

Sogndal-spelarane jublar over utlikning mot Molde.

SJÅ FRAMOVER: Tonny Brochmann Christensen, Eirik Skaasheim, Gustav Valsvik, Malick Mane og Henrik Furebotn jublar over scoring mot Molde. No meiner Rolf Navarsete at Sogndal Fotball bør heve sitt sportslege ambisjonsnivå.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rolf Navarsete har vore arkitekten bak ein 30 år lang unntakstilstand i klubben, der fokuset har vore delt mellom fotball og bygging. Det har teke mykje tid, krefter og økonomiske ressursar.

Når kunstgraset er ferdig til sommaren , er Sogndal Fotball i mål på anleggssida.

– No er situasjonen at ein er så godt rusta at ein kan drive med dette i fleire år framover, med alle ressursar retta inn mot å byggje innhald. Alt talar for at vi kan få masse spennande ting framover, seier han.

Beste sportslege tider

Rolf Navarsete

LEIAR: Rolf Navarsete er tidlegare styreleiar i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eigentleg har ein aldri opplevd det så lenge ein har drive, at ein har kome i ein slik situasjon. Ein har hatt pausar der det ikkje har vore så mykje bygging og då har ein også hatt dei beste sportslege tidene, legg Navarsete til.

I 1976 tapte dei cupfinalen for Brann, og sidan 1977 har Sogndal vore ein 1. divisjonsklubb – som når den rette årgangen med spelarar var på plass – kunne ta ein kort tur opp i eliteserien.

I 1988 enda dei på sjetteplass i eliteserien, som til er den beste plasseringa i landets øvste divisjon.

– Dette vi har jobba mot

Klubben har realisert Kvåle Stadion og Fosshaugane Stadion, som vart riven ned att og erstatta med gigantkomplekset Fosshaugane Campus. Sogndal har etablert treningsfelt og storhall.

  • KOR AMBISIØSE MEINER DU SOGNDAL BØR VERE I SI SPORTSLEGE SATSING? Sei di meining nedst i saka.

– Var det dette her de sikta mot då de byrja å utvikle klubben seint på 70-talet, byrjinga av 80-talet?

– Hadde vi visst at vi skulle bruke 30 år på det, så hadde vi sjølvsagt aldri byrja på det. Det eine har teke det andre, og utviklinga har kravd at vi må bygge stadig meir. Men det er denne dagen her ein har jobba mot; dagen der ein kan bruke alle krefter inn mot det ein vil drive med – nemleg fotball, seier Navarsete.

Ulrik Flo scorar 2-1 mot Molde.

MATCHVINNAR: Ulrik Flo stig til vêrs og stangar 2–1 bak sjanselause Espen Bugge Pettersen i Molde-målet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Gåsehud og tårer

Den tidlegare Sogndal-leiaren hadde ein av dei beste Sogndal-kveldane laurdag. Påtre minutt snudde Sogndal 0–1 til 2–1 mot regjerande seriemeistrar Molde.

Dei siste minutta før slutt, stod Navarsete, som var og til ei viss grad framleis er klubben sin sterke mann, blant dei 4.700 på tribunen med gåsehud på ryggen og tårer i augekroken.

– Eg trur vi må vere realistiske. Molde har trass alt fire gonger så stort budsjett som oss. Slik trur eg tyngdelova vil vere, men eg vil tru at periodane som er i eliteserien vil vare lenger enn dei åra som kjem enn åra som har vore, seier han.

Standhaftig Olsson

Tore Andre Flo og Jonas Olsson

HELD FAST: Jonas Olsson, her i samtale med Tore Andre Flo, held beina godt planta på trass suksessen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Under trenar Jonas Olsson har Sogndal gått seks seriekampar på rad utan tap. Laget som før sesongstart vart dømt nord og ned, er på sølvplass – poenget bak serieleiar Strømsgodset.

Olsson, og spelarane sjølve, er klare på at målet for årets sesong framleis er å berge plassen.

– Den dagen vi har sikra kontrakten, kan vi sikkert sikte mot ei ny målsetning. Men vi er langt ifrå der no, sa ein rørt Olsson etter sigeren laurdag.

Merkar engasjementet

Navarsete skildrar laurdagskvelden som noko av det største han har opplevd. I Sogndal merkar dei også at entusiasmen og engasjementet kring klubben er veksande.

Også blant dei som normalt ikkje plar følgje så godt med på fotball.

– Eg trefte ei som var åleine heime. Resten var på kamp. På stillinga 0–1 gjekk ho på loftet, folda hendene og bad han om å hjelpe. Det første som skjedde då ho kom ned att, var 1-1-målet. Og så 2–1. Ho visste ikkje heilt kva ho skulle tru, avsluttar han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast