Fosshaugane Campus

Fosshaugane Campus i 2011. Foto: Arve Uglum, NRK.

Fosshaugane Campus i 2011. Foto: Arve Uglum, NRK.

Fosshaugane Campus vart opna i 2006 og er eit kombinert nærings- og idrettsbygg under nye tribunar på Fosshaugane fotballstadion.
Bygget kosta 250 millionar kroner og vert m.a. nytta av Høgskulen i Sogn og Fjordane og av vidaregåande skular.

I 2010 har leigetakarane i Fosshaugane Campus til saman rundt 500 tilsette, av desse 360 innan skuleverket. Dette året starta ei vidare utbygging av anlegget. Dette arbeidet vart fullført i 2011.

Fosshaugane Campus i 2008, før siste byggjesteget vart reist. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fosshaugane Campus i 2008, før siste byggjesteget vart reist. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2011 var fotballstadion komplett ved at det var bygt ny tribune på langsida mot den tidlegare grusbana. Stadion vart og utstyrt med ein storskjerm.

I tribunebygget er det mellom anna kontorarbeidsplassar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I tribunebygget er det mellom anna kontorarbeidsplassar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2011 var den gamle tretribuna på bjørkesida erstatta av ei moderne tribune som gjorde Fosshaugane Campus komplett. Foto: Arve Uglum, NRK.

I 2011 var den gamle tretribuna på bjørkesida erstatta av ei moderne tribune som gjorde Fosshaugane Campus komplett. Foto: Arve Uglum, NRK.