Hopp til innhold

– Nei, vi har faktisk nesten ingen skadde!

Sogndal har ein så godt som skadefri tropp, berre dagar før storkampen mot Hønefoss.

Benken med Terje Skjeldestad (f.v.), Marius Bøe, Helge Haugen og Yngve Myhre

SER BRA UT: Trenarapparatet til Sogndal kan velgje og vrake i spelarar framfor dramaet mot Hønefoss. - Det er reine velstanden no, seier Yngve Myhre (t.h.).

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det ser veldig bra ut, seier medisinsk ansvarleg, Yngve Myhre, til NRK.no.

Klart for opprykksdrama

Osita Henry Chikere er den einaste som er ute med skade no – i tillegg til langtidsskadde Kristoffer Ryland. Angriparen fekk seg ein trøkk i ankelen på trening for tre veker sidan.

– Vi har eit ørlite håp om at også Chikere skal bli klar, slik at han kan vere aktuell for troppen søndag, seier Myhre.

For søndag ventar dramaet borte mot Hønefoss, som onsdag fekk ein skikkeleg opptur med siger borte mot Hødd. Sogndal kan sikre seg direkte opprykk til eliteserien, dersom dei sjølve slår tabelljumboen og Kristiansund tapar borte mot Åsane.

– No er det reine velstanden

Det er langt ifrå noko usannsynleg scenario. For Åsane er ingen kasteball. Sogndal greidde sjølv berre 1–1 borte mot bergensarane sist serierunde.

Og: Sogndal kan stille med toppa mannskap mot Hønefoss. Det er noko Myhre likar.

– Det er reine velstanden no. Men vi må jo jobbe for at det skal halde seg slik også, seier han.

PS: Skadesituasjonen er langt verre i Hønefoss. Klubben må klare seg utan midtbanetrioen Andrija Kaluderovic, Kujtim Ismajli og Martin Bisgaard Thomassen resten av sesongen.