Hopp til innhold

– Næringslivet i fylket må samarbeida betre enn dei gjer no

Meir samarbeid, deling av kunnskap og få vist fram næringslivet til heile landet. Det er ambisjonane til Leon Bakkebø, som vert den første daglege leiaren i Sogn og Fjordane næringsråd.

Leon Bakkebø, dagleg leiare i Sogn og Fjordane næringsråd

TALERØYR: Dagleg leiar i Sogn og Fjordane næringsråd, Leon Bakkebø, håpar å vera eit talerøyr for næringslivet i fylket, slik at dei kan få vist seg fram til heile landet.

Foto: Privat

– Skal næringslivet i Sogn og Fjordane stå fram konkurransekraftig må vi samhandla meir enn i dag og stå saman om fellesprosjekt. Vi har eit vidstrakt fylke der det ofte er mangel på kjennskap og kunnskap om kvarandre, seier Leon Bakkebø.

Som daglegleiar i Sogn og Fjordane næringsråd ser han det som si viktigaste oppgåve å tala næringslivet si røyst ut av fylket og nå fram til sentrale aktørar.

I fjor vinter tok Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane initiativet til å danna eit næringsråd for Sogn og Fjordane, med mål om å «fremje næringsinteresser og bruke ressursane i fylket til å oppnå størst mogleg verdiskaping».

– Ikkje vore gode nok

Fredag var Bakkebø gjest i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane. Der snakka han om si nye stilling, og kva han tar med seg inn i rolla som dagleg leiar for næringsrådet.

– Vi har ikkje vore gode nok til å nå ut med kunnskapen og kvaliteten næringslivet her i fylket har. Der har fylka rundt oss vore flinkare til å stå samla og då får dei ting gjort, seier Bakkebø.

– Kva vert den største utfordringa?

– Det å få til det som er målet med selskapet. Å skapa entusiasme i næringslivet og skapa behov for oss. Vi har mindre regionale organ som gjer kjempejobb i dag, men ikkje eit samlande talerøyr ut av fylket, svarar han.

Bakkebø er utdanna siviløkonom og har lang erfaring frå stillingar i næringslivet, blant anna i Sogn og Fjordane Sparebank. I tillegg har han jobba i Hellas, Nederland og England.

– Det er eit stort uforløyst potensial i næringslivet som eg ønsker å vise fram til heile landet. I bransjar som havbruk, fiskeri, energi, landbruk og reiseliv er vi blant dei beste i landet og innanfor desse bransjane vil det bli mykje nyskaping i tida framover. Då må vi vera med, seier Bakkebø.