Hopp til innhold

Fylket får næringsråd

Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane tek initiativet til å danne eit næringsråd for Sogn og Fjordane. Eit slikt organ som kan samordne næringslivet sine interesser og fremje desse overfor styresmaktene, har mangla i fylket til no. Ei av oppgåvene vil vere å fremje næringsinteresser og bruke ressursane i fylket til å oppnå størst mogleg verdiskaping, ifølge ei melding frå dei to bankane.