Hopp til innhold

– Meir pengar å hente på frukt og bær enn sauer og kyr

Er du bonde eller frukt- og bærdyrkar bør du lese denne artikkelen. Det kan du tene pengar på.

Anders Felde

NYTT PROSJEKT: Bondelagsleiar og leiar i landbruksselskapet, Anders Felde, vil ha fleire til å dyrke frukt- og bær for å auke lønsemda i næringa.

Foto: Bård Siem / NRK

Anders Felde vil nemleg ha fleire til å dyrke frukt og bær i Sogn og Fjordane. Du kan faktisk tene meir på å dyrke frukt og bær enn tradisjonell mjølke- og kjøtproduksjon.

– Den økonomiske arealavkastinga er fleire gonger så høg per dekar, seier Felde, som i denne gongen har på seg hatten som leiar i landbruksselskapet i Sogn og Fjordane.

– Er det altså slik at bøndene vil tene meir pengar på frukt og bær enn om dei har ein saueflokk på båsen?

– Det vil dei openbart. Men ein må ha interesse, kunnskap og vere villig til å bruke tid skal du tene pengar i landbruket. Og endå viktigare er dette i frukt- og bærproduksjonen, seier Felde.

Spleiselag

Saman med Sparebanken Sogn og Fjordane og fylkeskommunen har landbruksselskapet teke initiativ til det dei kallar eit mobiliseringsprosjekt. Målet er å auke verdiskapinga i frukt- og bærproduksjonen med 10 prosent kvart år i tre år. Med hjelp av eit spleiselag på 900.000 kroner over ein treårsperiode – og ein prosjektleiar – skal bøndene få tilbod om informasjonsmøte og rådgjeving. Dei 10 bærkommunane i fylket vil få hyppig besøk av prosjektleiaren.

Pengar i jordbær, eple og pære

I dag produserer Sogn og Fjordane 65 prosent av alle bringebæra og 50 prosent av alle morellane i Norge. No vil han at fylket også skal ta ein solid del av marknaden når det gjeld produksjon av jordbær, eple og pære der det øknomiske potensialet er størst i dag.

– Styresmaktene ønskjer å auke forbruket av frukt og grønt med 20 prosent i løpet av nokre få år. Jordbruksoppgjeret i 2017 gav ekstra inntektsmogelegheiter til frukt- og bærbøndene på Vestlandet. Difor er det viktig å få mobilisert bøndene til å auke produksjonen.

Skapar arbeidsplassar

– Vi håpar at dei som alt produserer frukt og bær i dag vil auke arealet anten ved å leige eller utvide eige areal. Vi håpar og at dei som produserer mjølk eller sau i område der det er fint å produsere frukt og bær tenkjer gjennom situasjonen sin og vurderer om dei vil bruke deler av arealet til frukt og bær eller leggje heilt om drifta, seier Felde.

– Vi ser tre positive effektar ved dette prosjektet; å styrke landbruksnæringa, å rekruttere fleire heil- og deltidsbønder og å vidareutvikle kulturlandskapet. Næringa er viktig for fylket vårt. Den gjev store ringverknader som skapar arbeidsplassar også i andre næringar, seier Ragnhild Helgheim i Sparebanken Sogn og Fjordane.