Hopp til innhold

– Me har hjelm på sånn at me ikkje skal slå hovudet

FØRDE (NRK): Når elevane på Slåtten skule skal på skøytebana si passar dei på å vera godt utstyrte mot den harde isen.

Skøyteisen

GODT UTSTYRT: Det er ikkje noko problem å stå på skøyter når ein er godt utstyrt med gode klede og hjelm som beskyttar hovudet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Me har hjelm på sånn at me ikkje skal slå hovudet, seier Leah Kjerstad (6).

Ho og dei andre elevane på skulen er ikkje redd for å falle på isen, men nokre gonger skjer det knall og fall.

– Med hjelm er eg trygg, seier ho.

Saman med medelevar har ho venta på at skøytebana på skulen skal bli klar i ein heil månad.

– Det var litt kjedeleg å vente så lenge, men heldigvis har eg hatt skøytebane i hagen min heime så eg har øvd meg der, seier Leah.

Strøymer til

På skulen er det blitt kjøpt inn skøyter så dei har nok til at to klassar kan få prøve seg på isen om gongen.

– Det er også ein heil haug med elevar som har kjøpt skøyter sjølv og i kvart friminutt strøymer dei til skøytebana, seier rektor Turid Hatlem.

Leah tykkjer det er veldig kjekt å stå på skøyter, og har lært seg eit lite triks på isen.

– Eg likar best å snurre rundt, men det er litt vanskeleg å snurre i dei nye skøytene mine. Eg måtte få meg nye fordi dei gamle var slitte. Det er ikkje alltid eg greier å snurre heller, seier ho.

VIDEO: Sjå video frå skøytebana på kveldstid.

Ikkje like begeistra

Det er ingen tvil om at skøyter er ein populær aktivitet blant elevane på skulen, men det er ikkje alle som tykkjer det er like kjekt. Venninna til Leah, Kaia Mathea Jamaris (6) er ikkje like begeistra for skøyteleiken som klassekameratane.

– Eg likar ikkje å stå på skøyter, eg tykkjer det er kjedeleg, seier ho.

Likar ikkje skøyter

KJEDELEG: Kaia Mathea Jamaris (framme) tykkjer ikkje det er noko kjekt å stå på skøyter, men det gjer Leah Kjerstad (bak).

Foto: Linda Watten / NRK

Medan dei andre spelar ishockey på isen og berre øver seg på å bli stødige, står Kaia Mathea utanfor skøytebana.

– Det er ikkje fordi eg er redd eller tykkjer det er skummelt, eg er berre meir glad i å stå på ski. Men det går fint å sjå på dei andre.

Snurrar rundt

– Sjå no, ropar Leah til Kaia Mathea og dei andre som står utanfor bana.

Ho skøyter fort framover før ho tek ein runde rundt på isen.

– JA! Eg greidde å snurre. Eg greier godt å stå på skøyter, jublar ho.

Nokre dagar er dei heile skuledagar på isen.

– Då har me både gym og utetime på isen, og likevel så aular det av elevar i friminutta i tillegg, seier rektor.

Ho er glad for dugnadsånda blant grendelaget, lærarar og foreldre.

– Utan den hadde det ikkje blitt noko skøytebane. All æra til dugnadsånda som fører til jubel for store og små når skøytebana blir klar, seier ho.

Skøyte på Slåtten skule
Foto: Pakwipa Rattananed / NRK