Hopp til innhold

17-åringen vil leve, men har gjort fleire forsøk på å ta livet sitt

Ho er 17 år gamal og målet hennar er å leve, men den unge jenta har allereie prøvd å ta livet sitt fleire gonger. No håpar ho at hennar historie kan vere til hjelp for andre.

Anonym jente

VIL HJELPE: NRK har møtt den 17 år gamle jenta som fortel om korleis det er å vere psykisk sjuk.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det er veldig viktig at folk veit at andre slit. Kanskje den du går forbi på gata er veldig lei seg og deprimert. Alle har ei psykisk helse, og alle kan bli ramma av det negative og bli sjuke, fortel jenta.

I september skreiv ho eit innlegg om seg sjølv på Aftenposten sine kommentarsider som fekk mykje merksemd.

– Eg skreiv om mi første overdose. Etter den overdosen balla det på seg, og eg vart innlagt mange gongar. Så reflekterte eg over det og tenkte at «eg skal bli frisk». Ved å gå ut med det offentleg, får eg gått gjennom tankane mine og samstundes fått bidra med mi historie til andre, fortel ho.

Alle kan bli ramma av det negative og bli sjuke.

Jente, 17 år

Trengde hjelp

3. januar 2013: Ho er 16 år og sit heime når dei negative tankane dukkar opp.

– Så fant eg medisinane mine som eg brukte før. Plutseleg hadde eg teke ei overdose. Eg tenkte at eg trengde hjelp og ringde 113 og ei ambulanse kom og henta meg. Eg forstod først kva som skjedde då det gjekk opp for meg at eg var på veg til sjukehuset.

– Ville du døy?

– Nei, eg trur eg trengde hjelp. Målet mitt no er å leve.

Blei mobba

Då tenkjer eg at det ikkje er nok vits i å leve lenger. Då er det enklare å døy enn å leve.

Jente, 17 år

Etter denne hendinga har ho teke fleire overdosar og hatt fleire sjølvmordsforsøk. 17-åringen forklarar sjølv at årsaka er ho har blitt mykje mobba.

– Av og til kjem det tankar opp i hovudet der eg høyrer ting som dei har sagt til meg. Dei har sagt at eg er stygg og ikkje har noko å leve for. Då tenkjer eg at det ikkje er nok vits i å leve lenger. Då er det enklare å døy enn å leve, og eg vel å prøve, fortel ho.

Den unge jenta har ikkje tal på kor mange gongar ho har prøvd å ta livet sitt, men veit at ho har vore innlagt rundt 17–18 gongar i 2013.

No går ho i behandling og har fått ei diagnose.

Stempla av diagnose

– Den heiter blanda emosjonell atferdsforstyrring. Det er ei personlegheitsforstyrring, men born og ungdom får eigentleg ikkje noko diagnose på det. Så for at eg skal få behandling har dei gitt meg ei diagnose som liknar på det eg slit med.

Sjølv er ho litt ueinig i diagnosen, men skjønar at ho kanskje er sjuk utan at ho vil innrømme det.

– Eg likar ikkje å ha ein diagnose som står på papiret.

– Kva er gale med det?

– Eg føler at eg blir stempla i helsevesenet. Det likar eg ikkje, men det er slik det er.

– Eg er den eg er

Ho går til psykolog ein gong i veka og er innlagt når ho treng det.

– Det skjer dersom eg har dumme tankar og tenkjer på å ta ei overdose. Då pleier eg å ringje til legevakta eller institusjonen og så vert eg lagt inn.

Der føler ho seg trygg.

– Eg kunne vore ein ungdom som ikkje sleit, gjekk ut i helgene og hadde mykje vener og mykje moro. Men eg er på ein måte berre den eg er. Når eg blir vaksen, så håpar eg å kunne bruke dette til noko positivt og hjelpe andre.

– Er du lei deg for at livet er slik no?

– Det er på ein måte både og. Eg vil vere normal, men eg har akseptert at det er slik eg er. Kunne eg velje, så hadde eg nok ikkje valt dette livet.

Skriv bok om tankane

Jenta har no teke seg eit friår frå vidaregåande skule. Ho starta på helsefag på ein vidaregåande skule i Sogn og Fjordane, men valde å slutte.

– Etter eg skreiv kronikken i Aftenposten vart det litt tungt for meg. Det var mykje innleveringar på skulen, og eg likte ikkje klassemiljøet. Så eg bestemte meg for at eg heller ville skrive bok, fortel ho.

Og boka er ho allereie i gong med. Den handlar om korleis det er å vere sjuk som mindreårig. Her har ho tenkt å skrive om hendingar ho sjølv har opplevd, tankar ho har, og generelt om korleis det er å vere sjuk.

– Den vil handle om dei verste overdosane mine. Det er viktig for meg å få fortalt dette. Ei bok varar lenge, medan eit innlegg i ei avis forsvinn lettare.

Vil hjelpe andre

Anonym jente

SKRIV BOK: Den 17 år gamle jenta er no i behandling og går til psykolog ein gong i veka og er innlagt når ho treng det.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ho fortel at dette er viktig for ho fordi det er mange andre som òg slit med det same. Sjølv har ho tenkt at ho var åleine, men fant ut at det er mange i same situasjonen.

– Då kan andre lese boka mi og skjønne at dei ikkje er åleine.

Sjølv om ho har vore langt nede har 17-åringen framtidsplanane klare.

– Eg har lyst til å hjelpe andre i yrket mitt. Anten vil eg bli sjukepleiar, vekter eller barnevernspedagog. Eg vil i alle fall jobbe med folk, seier ho.

Lett å dømme

Ho har delt sine opplevingar med helsevesen og tankar og kjensler med andre rundt seg, og responsen ho har fått er svært positiv.

På Facebook delte ho innlegget sitt og fekk mykje godord tilbake.

– Folk rundt meg tek det veldig positivt, men det er alltid nokon som dømmer meg etterpå ved å sjå på meg og tenkje at eg er sjuk.

– Kvifor trur du folk tenkjer slik?

– Fordi eg har tenkt det same sjølv, før eg har visst om heile historia. Det er veldig trist at det er slik, men eg kan ikkje velje kva folk tenkjer.

Enkelt å seie at det går bra

I dag er det verdsdagen for psykisk helse. Ein dag som vert markert over heile verda. Ifølgje FNs helseorganisasjon vil depresjon vere den største sjukdomen i verda i 2020.

– Opplever du at folk kvir seg for å spørje korleis det går med deg?

– Ja, for eg pleier berre å seie at det går fint. Det er liksom det enklaste. Eg har sjølv vanskeleg for å spørje folk om dei har det bra, for du veit aldri om det dei svarar er sant. Spørsmålet er i grunn feil. Ein burde heller spør kva ein tenkjer på.

Eg pleier berre å seie at det går fint. Det er liksom det enklaste.

Jente, 17 år

Tøft gjort

Psykolog Mary Ann Refseth seier det er viktig at ein 17-åring står fram og fortel om korleis det er å leve med psykisk sjukdom.

– Det er svært tøft gjort. Det å ha å psykiske vanskar er å ha mykje sterke kjensler og sterke reaksjonar. Mange trekker seg tilbake i seg sjølv. Det å kunne stå opp og fortelje om det, og samstundes ha eit ønskje om å kunne hjelpe andre med det, det tykkjer vi er tøft, seier ho.

Tema for verdsdagen for psykisk helse er kvardagsstresset, og det å sjå kvarandre og senke skuldrene.

– Mange ungdomar opplever eit press på det å skulle prestere, vere flink og det å skulle yte heile tida. Ein stiller store krav til seg sjølv, og det å kjenne at ein slit med tankar og kjensler kan vere vanskeleg.

Like vanleg som influensa

Refseth fortel at alle har ei psykisk helse, og at det er på same måte som om at ein kan brekke ein fot eller få influensa.

– Det er like vanleg å få psykiske vanskar, men det er kanskje ikkje det vi snakkar så mykje om. Det er enklare å snakke om at ein er litt forkjølt enn at ein er deprimert, har angst eller strevar med tankar som er tunge.

Psykologen trur at det som gjer det ekstra vanskeleg er at ein har lett for å knytte det til ein person.

– Det gjer jo noko med menneskeverdet, og det er noko vi ønskjer å snakke om for å tydeleggjere at den skil mellom ein som menneske og det at ein kan ha plagar i periodar i livet.

– Alt skal vere så perfekt

Refseth seier det er vanskelegare å seie om det er fleire som vert sjuke no enn før, men ho fortel at i spesialisthelsetenesta reknar dei med at mellom fem til åtte prosent av born og unge vil ha så store psykiske vanskar at dei treng hjelp.

– Men så er det langt fleire som har vanskar enn dei. I nokre undersøkingar så viser det seg at 40 prosent av ungdomar kan streve med angst, depresjon og jølvkjensle. Men det betyr ikkje at alle skal ha hjelp av spesialisthelsetenesta.

Det ho trur har endra seg dei siste åra i det samfunnet ein lev i i dag er at alt skal vere så perfekt.

– Så det er kanskje meir det at samfunnet har endra seg, som gjer at presset både born og unge og foreldre kjenner, er mykje større. Og det å snakke om det gjer at ein kanskje vil føle seg mindreverdig, forklarar ho.

Psykologen seier at dersom ein har det litt vanskeleg, kan det vere lurt å snakke med gode vener, foreldre, lærar, helsesøster eller andre i omgangskretsen. Den personen kan då hjelpe ein vidare dersom ein har behov for meir hjelp.

– Kva kan ein gjere dersom det er vanskeleg å snakke om det?

– Eg vil jo seie at det er nettopp det å ta sjansen på å snakke som er bra. Når ein ser at noko slit, så kan ein nærme seg forsiktig og spørje korleis det står til, om personen har det vanskeleg for tida eller om det er noko du kan stille opp med eller hjelpe til med. Det å setje ord på ting og snakke om det tenkjer er til hjelp.