Hopp til innhold

– Innbyggjarane i Leikanger har ingenting å frykte

Striden rundt planane om å byggje eit større kraftverk i Leikanger toppar seg igjen i morgon, torsdag. På bordet i kommunestyremøtet ligg eit krav med 435 underskrifter. Sjefen i Sognekraft meiner på si side at folk ikkje treng vere uroa.

Sognekraft og Terje Bakke Nævdal

STORE PLANAR: Sognekraft og sjefen deira, Terje Bakke Nævdal, vil byggje kraftverk som skal gi Leikanger drikkevatn og 9200 husstandar straum.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / Sognekraft / NRK

Ordførar Jon Håkon Odd fekk måndag overlevert underskriftene med ei sterk oppmoding om at politikarane ikkje å må gje etter for Sognekraft sine interesser når selskapet skal byggje kraftverk til mellom ein halv og ein milliard kroner i Henjaelvi og Grindselvi. Sognekraft har alt fått konsesjon til å byggje kraftverket som skal gi straum til kring 9200 husstandar.

Fryktar for natur og drikkevatn

Konflikten rundt planane har herja bygda i årevis. Blant anna har det vore underskriftsaksjon med krav om folkerøysting, men dette vart forkasta av kommunestyret. Mange i bygda fryktar for at utbygginga vil øydelegge både naturen og drikkevasskjelda deira, og i verste fall truge kvaliteten og ei stabil vassforsyning.

I dagens Sogn Avis står Carina Frisk og Jacques Huijbens fram med krav om at politikarane set ned foten. Dei står bak aksjonen der det har blitt samla underskriftene til rundt 25 prosent av dei røysteføre i kommunen i løpet av to veker.

Aksjonistane: – Fok er uroa

Dei fortel til avisa at aksjonen speglar ei uro over prosessen bak Sognekrafts freistnader på å kutte kostnader.

– Unge og eldre undrast kva konsekvensar som ventar om dei politiske partia gjev endå meir etter for utbyggjaren, seier Frisk.

E-verkdirektøren: – Skaper uvisse

Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft, prøver på si side å roe bygdefolket.

– Vi er overraska over måten det blir kommunisert på og uvissa som vert skapt rundt tydelege avtalar mellom Sogneklraft og kommunen.

Han seier dei gjennom fleire år har utgreia ulike alternativ for å skaffe dokumentasjon til kommunen og Mattilsynet, som til sist skal godkjenne val av løysing for drikkevasskjelda.

– Dette arbeidet har vi gjort over fleire år. Men det er Leikanger kommune som sjølv vel kva for alternativ dei vil går for og søke godkjenning for hos Mattilsynet, seier Nævdal.

Garanterer for drikkevatnet

Han garanterer for at utbygginga ikkje vil øydelegge for ei trygg og god drikkevasskjelde i sognebygda.

– Ja, det er eg heilt trygg på. Sognekraft har plikt til å levere drikkevatnet, og drikkevatnet går framfor kraftutbygginga. I den grad det er lite vatn eller andre utfordringar er det kraftproduksjonen som må vike.

– Det vil alltid vere eit godt drikkevatn på Leikanger, uavhengig av kraftutbygging eller ikkje. Vi skal sikre vatnet under anleggsperioden. Etter at kraftverket er ferdig bygt, skal folk på Leikanger få betre drikkevatn enn dei har i dag, seier Nævdal.