Hopp til innhold

– I dag kan psyken avgjere kampen

Psyken blir minst like viktig som korleis spelarane stokkar beina. Det meiner arrangementsansvarleg i Saftkokaradn før vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann søndag.

Video Sogndal møter Brann

KLARE TIL DYST: Det blir ingen tome seter på Fosshaugane søndag kveld. Saftkokaradn skal gjere det dei kan for å få resten av publikum med for å støtte opp om heimelaget. Sjå video frå Vestlandsrevyen fredag.

Det er ikkje berre ein kamp om poenga når storebror Brann møter veslebror Sogndal på Fosshaugane søndag.

Det er ein kamp om æra og om å vinne vestlandsderbyet og vise kven som kan stå med ryggen rettast etter kampen.

For det har alltid vore spesielt når dei to vestlandslaga møtast. Arrangementsansvarleg i supporterklubben Saftkokaradn, Geir Frode Lunden er klar på at dei har ei viktig oppgåve i dag.

– Saftkokaradn skal gjere alt dei kan for støtte opp om Sogndal. Det blir vår jobb å få med oss resten av heimepublikummet og vi skal ikkje svikte laget vårt, seier Lunden til NRK.no.

Det kriblar i heile kroppen

Det blir litt av ein fotballfest på Fosshaugane søndag. Dei siste 100 billettane til kampen var rivne vekk på få minutt i føremiddag og det blir smekkfullt på tribunane.

Over 5600 publikummarar er klare for å få med seg det som truleg blir eit høgdramatisk oppgjer mellom dei to erkerivalane.

– Folk kjem langvegsfrå og vi skal fylle stadion heilt opp. Det blir ei fantastisk ramme rundt kampen, seier Lunden og legg til:

– Det kriblar i heile kroppen, det må eg innrømme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Jørgen Halvorsen passerer Markus Henriksen

SKÅRAR HAN IGJEN: Ole Jørgen Halvorsen er toppskårar på Sogndal med 14 mål. I dag kan han pynte på sin eigen statistikk.

Foto: Rune Fossum

Storebror mot veslebrorlillebror

Og det er nok ikkje berre hos supporterane det kriblar litt ekstra framfor oppgjeret i kveld. Også for spelarane og lagleiinga hos dei to vestlandslaga er det nok litt ekstra som står på spel framfor oppgjeret.

Sogndal-ekspert Jon Navarsete seier Sogndal-Brann på Fosshaugane er eit av høgdepunkta i sesongen. I det som nærast er ein æve har det vore ekstra stort når nettopp desse to laga møtast.

– Dette går heilt tilbake til cupfinalen mellom Brann og Sogndal på Ullevål i 1976. Sidan då har det alltid vore rosina i pølsa å få med seg desse oppgjera, seier Navarsete.

Slik har det vore sidan 1976

For i 1976 klarte Sogndal det ingen andre har klart. Laget spelte då i det som var 3. divisjon, medan Brann spelte i toppligaen som då var 1. divisjon. Ingen andre har klart å spele seg til ein cupfinale mot ei lag som låg 2. divisjonar over.

Etter at Sogndal nesten klarte å vinne har oppgjera mellom dei to laga for alltid i ettertida blitt svært spesielle.

– Vi var ein liten klubb som nesten klarte å slå Brann, eit lag som låg to divisjonar høgare enn oss. Mange som heiar på Brann har alltid vore litt kjepphøge og trudd at det berre er å kome hit å knuse oss. Dette er eit bygd mot byoppgjer og det er mykje prestisje, seier Lunden i Saftkokaradn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen og Harald Aabrekk

SÅ GLAD: Var trenar Harald Aabrekk etter at Ørjan Hopen putta to mål mot Start.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogndal har statistikken i ryggen

I Sogndal er folk allereie prega av kampen søndag. Navarsete fortel at stemninga i bygda er heilt spesiell og at mange gler seg veldig til dommaren bles i gong kampen.

Skal ein stole på statistikken har Sogndal ein god sjanse til å slå Brann.

Av dei 11 spelte tippeligakampane mellom klubbane har Sogndal vunne sju av dei. I tillegg har dei spelt to uavgjort.

Men Brann kjem med cupfinalebillett i baklomma og kan tenkjast å vere ganske høgt oppe. Navarsete meiner difor det er heilt ope før kampen. Skal han tippe håpar han på 1–0 til Sogndal, men mål av Ulrik Flo.

– Det er sjølvsagt på bana det skal avgjerast. Eg trur Sogndal-spelarane merkar stemninga som er i bygda og gler seg til kampen, seier Navarsete.

– Dei har oss i ryggen

For Lunden, Saftkokaradn og sikkert mange andre fotballglade er kampen i kveld eit heilt udiskutabelt høgdepunkt. Lunden meiner mykje vil stå på psyken til spelarane og er klar på ein ting. Dei skal i alle fall ikkje svikte dei.

– Det blir nok ein del Brannsupportarar på stadion. Men vi skal overdøyve dei og vise Sogndal at dei har oss i ryggen uansett, seier Lunden som sjølv tippar 3–1 siger til Sogndal.