Står i kø for å sjå Sogndal-Brann

Klokka 12 søndag blir dei siste 100 billettane til Sogndal-Brann lagt ut for sal.

Billettkø før Sogndal-Brann

VIL PÅ KAMP: Allereie ein time før billettane vart lagde ut for sal stod folk i kø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dei er det mange som kan tenkje seg å få tak i, for allereie ein time før billettane vart lagde ut for sal stod folk i kø utanfor Fosshaugane.

Oppgjeret mellom Sogndal og Brann blir eit skikkeleg vestlandsderby og tribunane blir smekkfulle. Allereie på onsdag var det selt 5300 billettar.

Kaptein Eirik Bakke må stå over kampen etter at han fekk sitt tredje gule mot Rosenborg, men resten av stallen skal vere klare til dyst.

Sogndal sin einaste heimeavla spelar, Ørjan Hopen, tippa før helga 2–1 siger til Sogndal og fornya kontrakt i eliteserien.