Hopp til innhold

– Ho har kvalitetar som landslaget manglar

FØRDE (NRK): Tertnes-Rælingen 27-16. Tertnes-trenar Tore Johannessen meiner det norske handballandslaget treng ein spelar som Kjerstin Boge Solås (18), særleg trekkjer han fram forsvarsspelet hennar.

Kjerstin Boge Solås

SCORA FIRE MÅL: Kjerstin Boge Solås fekk hubelen til å stå i taket då ho sette inn sitt første mål.

Foto: Jostein Vedvik

– I OL i Rio mangla landslaget ein forsvarssjef. Om Kjerstin ikkje er der heilt enno, vil ho om kort tid ta steget. Ho har ekstreme forsvarskvalitetar når det gjeld duellstyrke og det å skape brot i spelet til motstandarene. Det er grunnen til at ho no er teken ut i a-landslagstroppen så tidleg.

– Litt meir skjelving enn vanleg

Jubelen stod i taket då Kjerstin Boge Solås frå Dale sette inn sitt første av fire mål då Tertnes møtte Rælingen til eliteseriekamp i handball i Førdehuset søndag.

Eit entusiastisk publikum måtte vente ei stund før det målet kom, for Tertnes-trenar Tor Johannessen valde å la Dale-jenta spele berre i forsvar det første kvarteret. Men Kjerstin var sterkt delaktig i at Bergens-laget vann så klart som 27-16. Ho vedgjekk at ho var litt ekstra nervøs før kampen framfor sitt gamle heimepublikum.

– Det var litt meir skjelving før kampen enn vanleg, men det gjekk fint, og det var veldig gøy at så mange kjende hadde møtt opp. Eg kom til mange sjansar og burde ha sett fleire av dei, men vi gjorde uansett ein god kamp.

– Eg har god tid

Kjerstin Boge Solås

SJEF I FORSVARET: Kjerstin Boge Solås var med på å nekte Rælingen rom.

Foto: Jostein Vedvik

No er ho altså teken ut på det norska a-landslaget og skal iallfall få trene i lag med spelarar som Veronica Kristiansen, Silje og Sanna Solberg, Camilla Herrem og Amanda Kurtovic under Golden League i Danmark 6. til 9. oktober.

Sjølv trur ho ikkje at ho kan rekne med særleg mykje speletid i turneringa i Danmark.

– Eg har god tid. Eg reiser for å lære og ta med meg erfaringar.

Heller ikkje Tore Johannessen reknar med at vi får sjå mykje til Kjerstin på bana i hennar første møte med heile landets yndlingar.

– Eg trur ho først og fremst skal vere nøgd med at ho er der, ho må kome inn i miljøet i seniorlandslaget, som er veldig seriøst og ordentleg. Ho må trykke til på trening og gjere sitt beste, og får ho nokre minutt på bana er det eit pluss. Men det kjem meir seinare.

– Langt over forventningane

Tore Johannessen og Kjerstin Boge Solås

TRENAREN HAR TRUA: Tore Johannessen meiner Kjerstin Boge Solås kan bli ein toppspelar, men då må ho stadig utvikle seg vidare.

Foto: Jostein Vedvik

Tore Johannessen er i tillegg til å vere trenar for Tertnes også trenar for det norske juniorlandslaget, og han har fylgt Kjerstin i fleire år. Då han henta ho til Tertnes i fjor hadde han ikkje rekna med at ho skulle utvikle seg så fort.

– Ho var alt då ein god forsvarsspelar, men angrepsmessig var ho i utgangspunket eit andre- eller tredjeval, og ho var litt for beskjeden. Men etter nokre få veker tok ho til å sleppe seg laus, gjere meir sjølv i staden for berre å kaste ballen vidare. Utviklinga har vore langt over forventningane.

Trenaren meiner evna hennar til å terpe på små detaljar for stadig å bli betre er ein faktor som kan gjerte henne til ein toppspelar også internasjonalt.

Kjerstin sjølv trekkjer fram trenarteamet og medspelarane i Tertnes når ho skal forklare kvifor ho har utvikla seg så fort som handballspelar.

– Eg har fått tillit, og det har gitt meg sjølvtillit. Eg er skikkeleg godt nøgd med klubben, dei har eit veldig godt opplegg, sa Kjerstin før ho gjekk for å treffe familie og kjende frå Dale.

Kjerstin Boge Solås

EIT FØREBILETE: Kjerstin Boge Solås vart flankert inn på bana av to jenter frå Førde og Dale. Kanskje dei ein gong får oppleve det same som ho?

Foto: Jostein Vedvik