Hopp til innhold

Kjerstin på landslaget: – Gler meg til å kjenne på nivået

Om tre veker skal Kjerstin Boge Solås (18) frå Dale ta steget opp på handballandslaget. Trenaren hennar i Tertnes er ikkje overraska.

Kjerstin Boge Solås

ETABLERT: Kjerstin Boge Solås har etablert seg på eliteserielaget Tertnes, og blir no lønna med ein plass på landslaget.

Foto: Svein Ove Bøe

Måndag morgon fekk Kjerstin Boge Solås meldinga som alle handballspelarar håper å få. Handballandslaget vil ha ho med på Golden League-turneringa i Danmark, i byrjinga av oktober.

– Eg vart veldig sjokkert. Og så vart eg glad etterpå, seier talentet frå Dale.

Ho har likevel ein tanke om kvifor ho er tatt ut no.

– Eg gjorde det bra i førre sesong, så det er vel på grunn av det.

Høgt nivå

I turneringa i Danmark skal Norge spele mot Frankrike, Russland og Danmark – tre av dei sterkaste landslaga i verda. Kjerstin trur desse laga held høgre nivå enn det ho møter til vanleg i norsk eliteserie, der ho speler for Tertnes i Bergen.

– Eg trur det er veldig høgt nivå. Men eg gler meg til å sjå korleis det er, og kvar eg er i høve til dei. Det blir kanskje høgre fart og meir styrke i duellane, det blir endå meir fysisk.

Kjerstin sin trenar i Tertnes, Tore Johannessen, trur ho vil klare seg veldig bra på første turen med landslaget, og at det er naturleg at no kjem med.

– Ho har vore god på juniorlandslaget og dei har heldt auge med ho lenge no. Det blir tøffe kampar, men eg trur det er først og fremst på trening at ho kan få bra utbytte, seier Johannessen.

Lære av dei beste

Sjølv om Kjerstin alt har etablert seg i norsk elitehandball, er det likevel stort for ein 18-åring frå Dale å trene og spele kampar med dei beste i landet.

– Det blir veldig gøy, men samtidig litt rart. Eg har sett opp til mange av dei veldig lenge og eg ser opp til mange av dei enno. Så det blir rart, men eg trur eg kjem til å lære mykje, seier ho.

Men at ho blir kalla inn til landslaget akkurat no, berre nokre månader før EM i Sverige, vil ho ikkje tenke så mykje på. Ho trur ikkje EM er realistisk for ho enno, ho vil berre prøve å gjere det så bra som mogleg i denne turneringa, utan å prøve på noko spesielt.

– Eg tenker å gjere det vanlege, som eg har gjort fram til no. Det var difor eg kom med på landslaget no, så eg må berre gjere meir av det.

Tertnes-trenar Johannessen meiner at sidan ho er tatt ut no, tyder det på at ho er med i landslagstrenaren sine vurderingar.

– Men det kan vere at EM kjem litt tidleg for at ho kan vere med, seier han.