Hopp til innhold

No skal ho kjempe om femteplass i VM

Det norske juniorlandslaget i handball kom seg ikkje lenger enn til kvartfinalen, men no er fokuset på å berge ein femteplass.

Kjerstin Boge Solås

GJER DET STERKT: Kjerstin Boge Solås, her i Tertnes-drakta, har raskt utvikla seg til å bli eit stort handballtalent. No kan ho i beste fall komme heim frå junior-VM med ein femteplass.

Foto: Njal Arnar Johansen / NRK

Då dei vann mot Brasil i åttandedelsfinalen vart det avgjort at dei skulle møte vertsnasjonen og VM-favoritt Russland i kvartfinalen. Men det blei ein tøff kamp som til slutt enda 35–24 i Russland sin favør.

– Vi visste at det kom til å bli ein tøff, fysisk kamp, og det blei det også. Vi møtte eit lag som kanskje var litt betre, og tøffare i alle duellar enn vi hadde forventa. Vi heldt oss godt med i første omgang, då gjorde vi mykje riktig, men i andre omgang så blei vi litt straffa for tekniske feil i angrep, og vi klarte ikkje å sette forsvaret på same måte, seier Kjerstin Boge Solås frå Dale.

– Unødvendig tap mot Danmark

Trass tapet vart Tertnes-spelaren toppscorar i kampen, med fem mål. Ho er likevel ikkje hundre prosent nøgd med verdsmeisterskapen.

– Eg vil seie vi kom gjennom gruppespelet ganske bra, men vi hadde eit tap mot Danmark som vi følte var litt unødvendig. Dei er veldig gode, men vi følte vi kunne ta den sigeren. Bortsett frå det har vi eigentleg vore ganske nøgde med prestasjonen så langt.

Vil vinne dei siste kampane

No handlar resten av junior-VM om å sikre seg femteplassen, som dei skal spele om dei neste to kampane. Den første er på torsdag, då mot Sør-Korea. Same dag spelar også Sverige og Kroatia mot kvarandre.

– Vinn vi då så spelar vi om femte- eller sjetteplass. Om vi tapar så spelar vi om sjuande- eller åttandeplassen. Målet no er å vinne dei to siste kampane og få femteplassen, seier Boge Solås.

Uansett kva plassering det norske laget til slutt endar på, har Dale-jenta hatt ei kjekk oppleving.

– Vi får sett på mykje forskjellig handball frå alle kontinent. Det er mange forskjellige måtar å spele og tenke handball på, så det er veldig moro å få sjå mykje forskjellig.