Hopp til innhold

– Historielaust å bryte lang tradisjon

Bør fylkestinget synge fedrelandssalmen? Høyr debatten mellom Tore Storehaug (KrF) og Jacob Bredesen (Unge Venstre) her.

Fylkestinget sung fedrelandssalmen

ALLSONG: Fylkestinget står og syng «Gud signe vårt dyre fedreland». Tore Storehaug (KrF) meiner det er ein god tradisjon som bør halde fram.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Jacob Bredesen Unge Venstre

UNGE VENSTRE: Jacob Bredesen er fylkesleiar for Unge Venstre i Sogn og Fjordane.

Tore Storehaug på talarstolen

KRF: Tore Storehaug er fylkestingsvara for Kristeleg folkeparti.

Foto: privat

Fylkestinga i Sogn og Fjordane har sidan 1940 vore opna og lukka med salmen «Gud signe vårt dyre fedreland». No vil Ap-politikar Torbjørn Vereide ha slutt på denne tradisjonen.

Forslaget fekk raskt støtte av Unge Venstre i Sogn og Fjordane, men mellom anna KrF-politikar Tore Storehaug, meiner det er ein dårleg idé.

– Det er ei historieløyse som ikkje set pris på dei tradisjonane vi har, seier Storehaug, som er fylkestingsvara for KrF.

Fylkesleiar i Unge Venstre, Jacob Bredesen, meiner det er rart at dei folkevalde synge ei salme i eit land der stat og kyrkje er skild frå kvarandre.

– Fylkestinget skal representere mangfaldet hjå folket, og då blir det feil å synge ein religiøs song, seier han.

HØYR DEBATTEN HER: