Hopp til innhold

Vil ha slutt på salmesong i fylkestinget

Torbjørn Vereide (Ap) meiner tradisjonen med å synge fedrelandssalmen ved opninga og avslutninga av kvart fylkesting har utspelt si rolle.

Torbjørn Vereide desember 2015

VIL HA FORNYING: Torbjørn Vereide (Ap) vil byte ut salmesongen med kuturinnslag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sidan 1940 har det vore tradisjon at fylkestinga i Sogn og Fjordane blir opna og avslutta med at medlemmene reiser seg og syng «Gud signe vårt dyre fedreland». Knut Henning Grepstad, som var sekretær for fylkestinget frå 1978 til 2015, seier at det skal litt til for å bryte denne tradisjonen.

Knut Henning Grepstad

LANG TRADISJON: Knut Henning Grepstad var sekretær for fylkestinget i 37 år og trur tradisjonen med salmesong vil overleve.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det har vore nokre få unnatak, då «Ja, vi elsker» vart vald i staden. Personleg har eg vore med på å synge salmen på rundt 150 fylkestingssete. I 2007 kom det eit framlegg frå Heidi Katrin Osland i SV om å slutte med salmen, men motstanden var så stor at framlegget aldri kom opp til avrøysting.

Teksten til «Gud signe vårt dyre fedreland» vart skriven av Elias Blix i 1891. Mellom anna syng fylkespolitikarane: «Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma».

Fylkestinget sung fedrelandssalmen

IKKJE HEILHJARTA FRÅ ALLE: Det er ikkje alle som syng med på salmen.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vil ha kulturinnslag i staden

No meiner Torbjørn Vereide at tida er inne for å prøve på ny å avlive den 76 år gamle tradisjonen.

– For meg handlar det mest om å få fram den levande kulturen. Om vi kunne opne med talent frå Ungdommens Kulturmønstring, ein lokal entusiast eller fylkesmusikarar, så trur eg vi har mykje kvalitet å velje mellom i staden for denne tradisjonelle opningssalmen.

Meiner du at tradisjonen har utspelt si rolle?

– Ja, no har vi kome inn i den moderne tidsalderen, og vi har kome tettare på verda enn tidlegare. Då er det naturlege grunnar til at tida er ute for å opne eit politisk møte av så viktig karakter med ein salme.

Han er budd på motbør.

– Eg trur det vil skape debatt, det blir sterke kjensler og diskusjonar både for og mot. Men det som er viktig for meg er å gi den levande kulturen eit ekstra rampelys. Det er viktig å bli mint på kor viktig kulturen er, seier Torbjørn Vereide.

– Synest det er trist

Trude Brosvik og Norunn Lunde Furnes

LOVAR MOTSTAND: Trude Brosvik frå KrF (t.v.), her saman med partifelle Norunn Lunde Furnes, synest ikkje om framlegget til Vereide.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Og motbør lovar Trude Brosvik frå Kristeleg Folkeparti at han skal få når han kjem med framlegget sitt på fylkestinget 18. oktober.

– Eg synest det er trist at han vil endre den tradisjonen at fedrelandssalmen blir sungen ved tingseta. Eg synest det høver godt, og det er ein kultur. Då synest eg det er eit veldig rart utspel frå ein som ynskjer å vere kulturpolitikar.

Ho meiner det bør vere plass til både salmesong og andre kulturinnslag på fylkestinget. Ho trur ikkje Vereide kjem til å få fleirtal for det.

Berit Hovland

– UNATURLEG MED SALMESONG: Fylkesleiar Berit Hovland i Human-Etisk Forbund.

Foto: privat

– Og så vil eg gjerne seie til Torbjørn Vereide at dette er ein veldig dårleg invitt frå Arbeidarpartiet til å få samarbeid med KrF.

– Godt framlegg

Men i Human-Etisk Forbund får framlegget frå Ap-politikaren applaus. Fylkesleiar Berit Hovland ser gjerne at fylkespolitikarane legg salmesongen på hylla.

– Det synest eg er eit godt framlegg. Salmesong er noko dei færraste har eit nært tilhøve til. Det har med tradisjon å gjere, men for mange er det unaturleg å synge ein salme. Og desse blir fleire og fleire etter som tida går. Så eg håpar han vinn fram.