Hopp til innhold

Alle geitene er redda frå fjøsen i Fortunsdalen

Brannvesenet i Luster kjempa mot store mengder vatn for å få berge ut 13 geiter som var innesperra i eit fjøs inst i Fortunsdalen.

Torkjell Sollesnes

BONDEN: Torkjell Sollesnes framfor fjøsen der geitene hans blir redda ut.

Foto: privat

I høgloftet til geitefjøsen – midt i flaumstore Fortunselva – stod 13 innestengde geiter.

Brannvesenet måtte krysse to flaumstore elver for å redde ut geitene i Fortunsdalen. Dei tok seg fram til fjøsen med gummibåt. Der sagde dei hol i veggen, og redda geitene ut og inn til land.

Berging av geiter i Fortunsdalen

SAGDE HOL: Brannvesenet måtte sage hol i veggen til fjøsen for å få ut geitene.

Foto: Kari Evjen

– Alt gjekk bra, men det var litt dramatisk. Den siste geita for på elva, men klarte å svømme inn mot land, seier geitebonde Torkjell Sollesnes.

Det var heilt på grensa til at fjøsen igjen starta å bevege seg. Før aksjonen flytta geitefjøsen seg 50 meter og snurra 180 grader rundt. I tillegg var låvebrua vekke. Geitebonden var fortvila vitne til dramatikken som fann stad i Fortunsdalen i Luster.

– Kjensla av å sjå at du ikkje kan gjere noko for å hjelpe geitene er tung. Eg måtte berre tru at det ville ordna seg. Det mest trykkande hadde vore dersom dyr ramla utfor. Sidan låvebrua var vekke stod det ope, slik at geiter kunne ha ramla rett i straumen, sa ein gråtkjøvd Torkjell Sollesnes då bergingsaksjonen gjekk føre seg.

Berging av geiter i Fortunsdalen

VELLUKKA: Brannvesenet redda ut alle dei 13 geitene som var sperra inne i fjøsen.

Foto: Kari Evjen

Flyt rundballar og tømmerstokkar

No er han glad og letta over at dyra er redda, men sjølv kjem han seg ikkje av flekken. Vatnet har berre fortsett å stige.

– Heile dalen er ei einaste stor elv. Det flyt tømmerstokkar, ved, rundballar og lause gjenstandar rundt. Og vi kjem oss i alle fall ikkje herifrå, seier geitebonden.

Då han skulle redde ut ein bukk i ein annan fjøs på garden nådde vatnet han til livet. Og då gjekk han på vegen.

Geitefjøsen i Fortunsdalen

FJØSEN TATT AV FLAUM: Fjøsen med geiter i vart teke av flaumen og flytta 50 meter.

Foto: Tage Skjåk Moen

– Ein kan i alle fall legge på ein meter der elveleiet skulle ha vore, seier han.

Buldringa som folket i dalen høyrde i går kveld og i natt varsla at noko var i vente. I natt var folk på geitegarden nede for å ta geitene opp frå den nedste etasjen i fjøsen.

Då arbeidet var ferdig stod underetasjen ein halvmeter under vatn.

– Eg skulle ned att med vatn, men før eg kom så langt, kom det seglande noko som likna på låvebrua frå geitefjøset. Då hadde geitefjøset segla 50 meter med flaumen og snudd seg 180 grader, fortel Sollesnes.

13 geiter står innesperra i fjøset på garden Bjørkjaug inst i Fortunsdalen i Luster i Sogn og Fjordane.

13 geiter står innesperra i fjøset på garden Bjørkjaug inst i Fortunsdalen i Luster i Sogn og Fjordane.

30 personar er isolerte

På den same garden er også 17 born og vaksne som ikkje kjem seg frå flekken.

– Vi ser berre den utrulege flaumen. Det er sikkert meir enn eg trur, men eg ser i alle fall eit par hundre meter med vatn, seier Terje Valestrand som er på geitegarden til Sollesnes saman med 17 born og vaksne.

– Vi kjem oss ikkje herifrå og mange av oss skal tilbake til Bergen for jobb og skule i morgon, seier Terje Vatlestad.

Det kraftige regnet som har herja vestlandet i natt har fått mange og store konsekvensar. Vegar er stengde og folk er isolerte fleire stader.

Bergingsaksjon geitefjøs

EVAKUERING: Brannvesenet på veg for å redde geitene.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fire personar vart berga ut av huset sitt søndag morgon etter ei lang bergingsaksjon i natt, då huset deira vart omringa av Fortunselva.

Lusterordførar Ivar Kvalen seier at situasjonen er dramatisk både i Mørkridsdalen og Fortunsdalen. I alt er kring 30 personar isolerte. I natt vart ein familie evakuert i Fortunsdalen, medan fleire hus står i fare for å bli tekne i Mørkridsdalen.

Kommunen har kriseberedskapen klar.

– Om elvane stig ytterlegare så vil det vere dramatisk. Vi følgjer situasjonen tett og har god dialog med Statkraft og Hydro som har god kontroll på nedbørsområde. Vi snakkar også med NVE. Det er kombinasjon av snø i fjellet og høg temperatur som gjer denne flaumen. Det har vore oppe i 18 grader, seier Kvalen.

Flom på Innlandet og Vestlandet