Hopp til innhold

– Folkerøysting er ueigna ved samanslåing

– Innbyggjarundersøking er betre enn folkerøysting ved kommunesamanslåing, meiner ordførar som har slått saman kommunar.

Erlend Larsen, ordfører i Stokke kommune

MÅ INFORMERE GODT: Ordføraren i Stokke, Erlend Larsen, har erfaring frå korleis folk stiller opp ved folkeavrøystingar.

Foto: Anne Melsom Bjerke / NRK

– Noko av det som er vanskeleg med folkerøystingar er at dei har ein tendens til at motstandarane stiller alle opp, tvilarane dei stiller ikkje opp og jafolka er kanskje ikkje like flinke til å stille opp, seier ordførar i Stokke i Vestfold, Erlend Larsen (H).

Både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn går føre seg parallelle prosessar som kan munne ut i større eller mindre kommunesamanslåingar. Spesielt i midtre Sunnfjord er engasjementet sterkt for å få til ein storkommune med Førde som kommunesenter.

– Ikkje eit godt instrument

Dei råka kommunane har bestemt seg for å avgjere saka gjennom folkerøystingar. Larsen meiner innbyggjarundersøkingar er ei betre løysing.

– Vi hadde eit eksempel på dette for 10 år sidan på Nøtterøy då det vart gjennomfør ei folkeavrøysting. Då møtte berre 30 prosent av innbyggarane opp og då var 20 prosent av innbyggarane imot og stoppa ein viktig prosess. Så i det tilfellet var ikkje folkeavrøysting eit godt instrument.

– Ei innbyggarundersøking som ei meiningsmåling kan i mange samanhengar vere like bra, seier Larsen.

– Folkeavrøysting er mest demokratisk

Partifelle av Erlend Larsen, Høgre-ordførar Matias Råheim i Gaular, seier det er uaktuelt å ikkje halde folkerøysting.

– Skal vi ha ei meiningsutveksling og vite kva folk meiner må vi ha ei folkeavrøysting. Ein kan meine både for eller imot, men det er det som er mest demokratisk. Så eg har aldri vore i tvil om det.

Mathias Råheim

SEIER NEI: Høgremannen Mathias Råheim har bestemt seg for å seie nei til kommunesamanslåing.

Foto: Eirik Hildal / NRK

1. januar 2017 blir ein heilt ny kommune etablert beståande av dei tre tidlegare kommunane Stokke, Andebu og Sandefjord. I tillegg til bruk av innbyggarundersøkingar som grunnlag for avgjerande vedtak om kommunesamanslåing, meiner Larsen det er viktig at ordførarane i dei råka kommunane er positive til samanslåing.

Viktig at politikarane informerer

– Det er viktig at politikarane som ser behovet for samanslåinga går ut og seier det klart og tydeleg, og informerer om kva fordelar dette har for innbyggarane.

Råheim har derimot langt på veg bestemt seg for å røyste nei til at heimkommunen Gaular blir innlemma i ein storkommune med Førde som kommunesenter.

– Eg har tenkt mykje på det, men bikkar meir og meir til nei. Eg kjem aldri til å ha noko anna parti enn Høgre, men eg må få ha sjølvstendige meiningar og gjere eigne vurderingar.