Normal

– Får vi smitte vil det bli total nedslakting

HYEN (NRK): Eggprodusent Eilev Otto Rønnekleiv tar strenge forholdsreglar for å unngå at hønene hans vert smitta av fugleinfluensa.

Eggprodusent Eilev Otto Rønnekleiv

7500: Eggprodusent Eilev Otto Rønnekleiv har 7500 høner på garden sin i Hyen, som legg 7000 egg i døgnet. Men får dei fugleinfluensa vert det brått stopp i produksjonen. Då må hønene avlivast.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Om vi får smitte inn her så må vi i gang med full nedslakting. Fugleinfluensa er veldig smittsamt og det vil vi ikkje ha, seier Eilev Otto Rønnekleiv.

Påska er høgtid for eting av egg og kvar dag sett nordmenn om lag 4,6 millionar egg til livs. Men trekkfuglane er også på veg tilbake til Norge i desse dagar, frå område i Europa der det er fugleinfluensa.

Portforbod

Mattilsynet har innført portforbod for fjørfe for å hindra at norske fuglar får fugleinfluensa, og 31. mars utvida dei portforbodet til å gjelda fem nye fylke. Desse var Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland, Sør-Trøndelag og Nord Trøndelag. 16 av landets 19 fylke har no portforbod på fjørfe.

Eilev Otto Rønnekleiv og kona Eva Kristin Rønnekleiv har 7500 høner som produserer om lag 7000 egg kvar dag, på garden sin i Hyen. Dei er ekstra forsiktige, for å unngå smitte.

– Vi er strenge på at berre husets folk får gå inn til hønene, og vi har sluser både på veg inn og ut. På den måten kan vi vera sikker på at vi ikkje drar med oss smitte, seier Eilev Otto.

Då NRK var på besøk på garden fekk vi ikkje gå inn til hønene, og under omvisinga på resten av hønseriet var det krav om skifte av sko for kvart rom ein gjekk gjennom.

Mattilsynet skriv på sine nettsider at portforbodet betyr at fuglar og fjørfe i fangenskap anten skal haldast innandørs, eller i utandørs innhegning med tett tak. I tillegg skal drikkevatnet til dyra skal vera behandla og at fôret ikkje skal kome i kontakt med villfugl.

Høns

HØNSEHUS: Hønene må halde seg inne i desse dagar, slik at dei ikkje kan få fugleinfluensa-smitte frå trekkfuglar som har vore sør i Europa. Bildet er ikkje tatt hjå Eilev Otto Rønnekleiv i Hyen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune