NRK Meny
Normal

– Eit godt vegbudsjett, seier Finden

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 100 millionar kroner til E39 Skei-Bjørset i Jølster med anleggsstart i august 2016. – Det er eit godt vegbudsjett for Sogn og Fjordane, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden

– POSITIVT BUDSJETT: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen er godt nøgd.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han finn ikkje store overraskingar i budsjettet.

– Det vi ser er at det er bra med løyvingar til Sogn og Fjordane, slik at det er eit positivt statsbudsjett for vårt vedkomande.

Det kanskje største spenningsmomentet med vegbudsjettet var om det ville bli ei skikkeleg løyving til Skei-Bjørset. No blir det altså 100 millionar kroner på 2016-budsjettet, og arbeidet kan truleg ta til i august neste år, og vegen kan bli opna for trafikk i 2018.

– Det er omtrent som venta, vi hadde lagt til grunn 120 millionar, men 100 millionar er innanfor det som vi treng for å starte arbeidet i 2016.

På den 11 kilometer lange strekninga mellom Skei og Bjørset er det i dag smal og svingete veg. No skal det bli 8,5 meter brei veg, og mellom Årdal og Skei blir det og bygd gang- og sykkelveg.

E39

ARBEID NESTE ÅR: På strekninga Skei-Bjørset startar anleggsarbeidet i august 2016.

Foto: Statens vegvesen

Fullføring av E39 i Gaular

Det er og sett av 100 millionar kroner til å fullføre vegbygginga på E39 Dregebø-Grytås og Birkeland-Sande nord i Gaular. Der er planen å opne for trafikk i juni neste år.

– Det skal vere nok til å avslutte det arbeidet, det er på ein måte ei sluttløyving, seier Finden.

Vidare er det løyvd 460 millionar kroner til arbeidet med E16 over Filefjellet. Det meste av arbeidet pågår no på Oppland-sida, men det er Statens vegvesen i region Vest som har ansvaret. Her skal etter planen 20 kilometer ny veg stå klar til bruk mot slutten av 2017.

E16 over Filefjellet - ny veg

NÆRMAR SEG FULLFØRING: Frå arbeidet med E16 langs Smedalsvatnet på Filefjellet. Heile veganlegget blir ferdig i 2017.

Foto: Jan Christian Jerving

I gang med Loftesnesbrua

Det ser også ut til at bygginga av Loftesnesbrua på riksveg 5 i Sogndal kan kome i gang neste år, men truleg ikkje før i oktober.

– Det er sett av 53,5 millionar kroner, og det er i tråd med framdriftsplanen for brua, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden.

Han er også godt nøgd med løyvingane til tunnelsikring på stamvegane.

– Det er 22 millionar til Fretheimtunnelen, 34 millionar til Gudvangatunnelen og 22 millionar til Ohnstadtunnelen, alle på E39 i Aurland. Arbeidet i Gudvangatunnelen skal starte til våren, og det vil halde fram i 2017.

Loftesnesbrua

START I OKTOBER 2016: Arbeidet med å erstatte den gamle Loftesnesbrua i Sogndal kjem i gang om eitt år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Gledeleg mykje til gang- og sykkelvegar

I framlegget til statsbudsjett er det sett av pengar til bygging av ny gang- og sykkelveg på E39 mellom Hafstad og Kronborg i Førde, og på strekningane Kløvi-Njøs, Bondeviki-Fardal og Fardal-Ylvisåker på riksveg 55 i Leikanger og Sogndal.

– Det er gledeleg å sjå at det er ein god del pengar til tiltak for gåande og syklande. Dette er pengar vi hadde på ei såkalla marginal liste, så her står det att litt planlegging før vi kan kome i gang, seier Finden.

På riksveg 15/E39 mellom Nor bru og Hjelle i Eid er det sett av pengar til å halde fram arbeidet med utviding av vegen, i tillegg til gang- og sykkelveg, busslommer og ulike trafikksikringstiltak. Til saman er det 76 millionar kroner til dette prosjektet, medrekna det som er løyvd i år.

I Førde er det sett av pengar til å utbetre krysset mellom riksveg 5 og bustadfeltet på Bergum.

Korleis det blir med løyvingar til fylkesvegar veit ikkje Svenn Egil Finden noko om enno. Det går via budsjettet til Sogn og Fjordane fylkeskommune, og enno er det uvisst kor mykje fylkeskommunen får å rutte med til vegbygging og vedlikehald.

Vegopning på Bergum i Førde kommune