Hopp til innhold

- Eg er grådig skuffa. Ikkje pengar til E39 Bjørset-Skei, konstaterer Jølster-ordføraren

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster hadde tru på startløyving til E39 mellom Bjørset og Skei, men framlegget til statsbudsjett vart ein stor nedtur.

Oddmund Klakegg

GRÅDIG SKUFFA: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, trudde knapt sine eigne auger då han såg forslaget til statsbudsjett.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

For i framlegget til statsbudsjett er det ikkje sett av pengar til å starte arbeidet med ny E39 mellom Bjørset og Skei i Jølster i 2015.

– Eg er sjølvsagt grådig skuffa. Vi prøvde å få det inn i fjor, vi var sikre på at vi no skulle få inn Bjørset-Skei som ein av dei viktigaste vegane på Vestlandet med ei startløyving i statsbudsjettet for 2015.

Han meiner dei som representerer regjeringspartia i Sogn og Fjordane får ei vanskeleg oppgåve med å forsvare dette.

– Dette er svært lite framtidsretta. Alt er klart til å starte anlegget. Det har vore lite konfliktar rundt prosjektet. Det fortel meg at regjeringa ikkje har tenkt å satse på infrastruktur og samferdsel utanfor dei store byane.

– Sjampanjen i kjøleskåpet

Også leiar i Stamvegutvalet, Jenny Følling, er svært vonbroten over mangelen på pengar til Bjørset-Skei.

– Dette prosjektet er klar til å sette spaden i jorda, og med ei startløyving på 30-40 millionar kunne vi ha starta neste år. No må eg konstatere at eg må sette sjampanjen i kjøleskåpet.

Håpet er at eit fleirtal på Stortinget kan endre på framlegget til statsbudsjett, seier Følling.

– Det er ikkje fleirtal for dette budsjettframlegget i Stortinget, så det skal førast forhandlingar med andre parti. Vi må sette vår lit til at KrF, Venstre og andre parti pressar på for å få inn denne løyvinga.

Jenny Følling

SVÆRT SKUFFA: Leiar Jenny Følling i Stamvegutvalet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er sett av 222 millionar kroner til arbeidet som alt er i gang på E39 mellom Vadheim og Sande.

Det er og framlegg om 427 millionar kroner til E16 over Filefjellet. Også dette arbeidet er i gang. Det er og pengar til start av utbetringsarbeid i Gudvangatunnelen på E16.

På riksveg 5 kjem det pengar til byggingen av nye Loftesnes bru i Sogndal kommune.

– Høg sigarføring

Både Høgre og Frp har profilert seg på at det skulle bli stor satsing på vegbygging når dei kom til makta. Men Jenny Følling (Sp) ser ikkje mykje att av det i framlegget til statsbudsjett.

– Den satsinga ser vi lite til på E39 og dei andre prosjekta i fylket. Det er berre fullføring av Vadheim-Sande og Lavik ferjekai på E39. Vi hadde venta at med så høg sigarføring hadde vi iallfall fått startløyving på Bjørset-Skei.

I framlegget er det sett av midlar til planlegging av prosjektet riksveg 13 Vangsnes – Vik. Men det er ikkje nemnt noko om Vikafjellstunnelen.

Regjeringen føreslår ei statleg ramme på 26,6 millioner kroner for riksveg 15 Otta i Oppland – Måløy i Sogn og Fjordane. Midlene er prioritert til utbetringstiltak, tilrettelegging for gåande og syklande og trafikksikkerhetstiltak.

I utgangspunktet har Høgre og Frp sagt at det skulle bli stor satsing på vegbygging når dei kom til makta, det blir det ikkje i Jølster med det første.