Hopp til innhold

Vil gje pengar til utviding av fengselet

Venstre går inn for at det skal løyvast 42 millionar kroner til utbygging av Vik fengsel. Det går fram av deira alternative statsbudsjett som blir lagt fram måndag.

Vik fengsel

VIL UTVIDE: Ei utviding av Vik fengsel, vil også bety mange nye arbeidsplassar.

Foto: Tone Merete Lillesvangsstu / NRK

Planane for ei utviding av Vik fengsel ligg allereie klare, men til no har ikkje regjeringa villa løyve dei vel 40 millionane som trengst.

Ei utbygging vil gje 30 fengselsplassar og skape 20 nye arbeidsplassar.

– Eg er særs glad for at dette er på plass i vårt alternative budsjett, seier stortingsrepresentant for Venstre frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn.

Leiar i Vik Venstre, Morten Holmberg, meiner dette er godt nytt, og han kryssar fingrar for at det kjem gjennom forhandlingane og vert ein del av det endelege statsbudsjettet.

– Eg er glad for dei arbeidsplassane dette inneber, både i utbyggingsperioden og ikkje minst etterpå. Det er kompetansearbeidsplassar som regionen treng, seier Holmberg.

Sveinung Rotevatn, Morten Holmberg og Terje Breivik

Frå venstre: Venstre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn, leiar i Vik Venstre, Morten Holmberg, og Venstre sitt medlem i finanskomiteen, Terje Breivik, frå Hordaland.

Foto: Vigdis Tonning

Tysdag blei det kjent at Kristeleg Folkeparti i sitt alternative budsjett set av 20 millionar kroner til å starte utbygginga av fengselet i 2016. Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, meiner det er sannsynleg at partiet får gjennomslag for dette i budsjettforhandlingane.