– Ein kan ikkje berre flytte ut på havet det ein ikkje vil sjå på til lands, seier Jan Magne Silden i Sogn og Fjordane fiskarlag.
Vindmøller på land fører til konfliktar og protestar mange stader i landet, og fleire meiner ein bør sjå på moglegheitene til havs. Nyleg fekk Equinor 2,3 milliardar kroner til havvindprosjektet Hywind Tampen. Men dette og andre havvind-utbyggingar kjem ikkje utan konflikt, meiner Noregs Fiskarlag.
I vår kom NVE med ein rammeplan for vindkraftutbygging på land. Silden meiner det no hastar å få på plass ein forvaltningsplan for havet.
INGEN ENKLE LØYSINGAR: – Ein høyrer ofte at «havet er så stort og fiskarane kan berre flytte seg litt:» Så enkelt er det ikkje seier Jarl Magne Silden, som er leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.
Foto: Silje Guddal / NRK– Det vi må få til – og det må kome fort – er ein heilskapleg forvaltingsplan for norsk økonomisk sone.
Vil gjere vedtak
Sogn og Fjordane Fiskarlag meiner ein slik heilskapleg plan må på plass før det blir gitt fleire løyve.
– Det er djupneområde som ikkje blir nytta i så stor grad av fiskeri, som kanskje kan vere eigna for vindindustrien, seier Silden.
Plan-kravet har støtte i leiinga i Noregs Fiskarlag. Landsstyret der har alt bede regjeringa utarbeide ei stortingsmelding om korleis havområda skal brukast.
Les også:
– Det er stadig fleire som ønskjer ein plass i havet, vi kan ikkje intensivere bruken utan ein plan for det. Vi er redde for at vi kjem til å tape på det, om vi ikkje får ein slik plan, seier Kjell Ingebrigtsen, leiar i Noregs Fiskarlag.
– Konkurrerer havvind og fiskeri om ein del av same områda?
– Det vil eg bestemt seie. Det gjer vi fordi planlegginga er for dårleg og det blir lagt for lite konkrete planar for å ta vare på næringane som alt er der.
– Dette hastar, og kvar dag er i så måte viktig, seier Ingebrigtsen.
Seier ikkje nei
Ingebrigtsen viser til at Noregs Fiskarlag i utgangspunktet ikkje seier nei til vindmøller på havet, men at det må skjer under visse føresetnadar.
FOR LITE KUNNSKAP: Eg er litt skremt over det dårlege kunnskapsnivået som er hos nokre av politikarane våre når det gjeld å plassere vindmøller til havs, seier leiar i Noregs Fiskarlag Kjell Ingebrigtsen.
Foto: David Engmo– Vi har skapt store verdiar i det norske samfunnet i generasjonar og skal fortsetje med det, men då kan vi ikkje akseptere at viktige fiskefelt blir bandlagt av vindmøller, seier Ingebrigtsen.
Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) meiner vindmøller til havs bør kunne sameksistere med fiskerinæringa.
– Dette er ikkje eit spørsmål om anten eller, men både og. Eg er sikker på at det er mogleg å finne løysingar som varetek fiskeriinteresser dersom det blir bygd ut havvind i norske farvatn, skriv Freiberg i ein e-post til NRK.
Statsråden meiner det kviler eit ansvar på utbyggjar for å finne gode løysingar.
– Olje- og energidepartementet har no på høyring eit forslag til kva område som kan opnast for fornybar energiproduksjon til havs, og eg oppmodar alle interesserte partar til å ytre seg i høyringa. Konfliktar mellom ulike interesser vil bli vurderte opp mot kvarandre i myndigheitene si konsesjonshandsaming.
BØR KUNNE SAMEKSISTERE: Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) meiner det er mogleg å finne løysingar for at fiskeri og havvind kan sameksistere.
Foto: Markus Thonhaugen / NRKDet er Klima- og miljødepartementet som har ansvar for forvaltingsplanane for norske havområde.
– Neste stortingsmelding skal etter planen leggast fram i 2020 og omfattar ein revisjon av forvaltingsplanen for Barentshavet og Lofoten og oppdateringar av planane for Norskehavet og Nordsjøen/Skagerrak, opplyser Freiberg.