Hopp til innhold

– Kjekt å bli nemnd saman med Hjelmeset

Odd-Bjørn Hjelmeset og Jon Rolf Skamo Hope har meir til felles enn berre å vere langrennsløparar frå Gloppen.

Norge sitt stafettlag i junior-VM

GULLGUTAR: – Det var ei oppleving å stø øvst på pallen, seier Jon Rolf Skamo Hope (nummer to frå venstre). Her er han avbilda saman med resten av laget; Herman Martens Meyer (f.v.), Harald Østberg Amundsen og Thomas Helland Larsen.

Foto: Geir Endre Rogn / Skiforbundet

Begge har VM-gull i stafett for juniorar. Odd-Bjørn Hjelmeset i 1991 og Jon Rolf Skamo Hope i helga.

Odd-Bjørn Hjelmeset.

ESS: Odd-Bjørn Hjelmeset fekk edelt metall både i NM, OL og VM gjennom ei lang karriere i langrennssporet.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Sistnemnde i løypene der Hjelmeseth tok individuell OL-bronse i 2002.

– Odd-Bjørn har lukkast, så det hjelper jo godt på motivasjonen. Eg har eitt år att i juniorklassa og kan ta fleire VM-gull, seier 18-åringen frå Hyen.

– Ein for framtida

Gullet i helga er også Sogn og Fjordane sitt første i eit junior-VM, sidan Hjelmeseth sikra sitt i Reit Im Winkl for 26 år sidan.

Yngve Thorsen

SPENT: Yngve Thorsen meiner at Skamo Hope allereie no har vist at han kan hevde seg i seniorklassa i Norge.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Administrasjonssjef Yngve Thorsen er spent på kva framtida bringar for vårt fremste langrennstalent.

– Han er absolutt ein kar for framtida, men det er eit stort steg å gå opp i seniorklassen. Ein må vere tolmodig, det er berre eit fåtal som klarer å slå igjennom i ung senioralder, seier han.

Revansjesugen

Hope leverte ein god andreetappe i OL-løypene frå 2002. I motsetnad til 17.-plassen på fredagens duatlon, hadde glopparen gode ski og sende Harald Østberg Amundsen ut berre nokre få sekund bak Russland.

Hope på pallen under junior-VM.

PALLEN: Norge slo Russland i sluttspurten. Frankrike måtte ta til takke med bronseplassen.

Foto: Geir Endre Rogn / Skiforbundet

– Eg var revansjesugen og det gjorde godt å få ut litt aggresjon etter skuffelsen på fredag. Men det vart nervepirrande på slutten, seier Hope.

– Vi hadde ein utruleg god avsluttar i Thomas Helland Larsen på sisteetappe, og visste at sigeren var sikra om han var med mot slutten. Det var han, legg han til.

– Ei oppleving

Jon Rolf Skamo Hope

OPPLEVING: – Det var dumt at det gjekk så dårleg på duatlon, men stafetten vart ein opptur, seier Jon Rolf Skamo Hope.

Foto: privat

Dermed kunne Hope, Herman Martens Meyer, Harald Østberg Amundsen og Thomas Helland Larsen stå øvst på pallen under medaljeseremonien måndag morgon norsk tid.

Med Russland og Frankrike på dei neste plassane.

– Det var ei oppleving å stå øvst med dei andre karane på laget, forsikrar han. Unødig å seie, det er god stemning i laget.

– Flyet til Seattle er kansellert, så det blir litt venting. Då er det ekstra morosamt med ein gullmedalje i bagasjen, humrar Hope som no håpar å sikre samanlagdsigeren i Norgescupen.