NRK Meny
Normal

Delar av E16 stengd i fleire dagar framover

Eit stort steinras har knust vegbana på E16 mellom Gudvangen og Voss. Politiet seier at vegen kjem til å vere stengd i fleire dagar.

stengd

STENGD: vegen mellom Voss og Gudvangen er stengd, no må ein køyre Hardangervidda eller Vikafjellet

Foto: NRK

– Denne vegen kjem til å vere stengd i mange dagar framover, det er heilt sikkert, seier innsatsleiar i politiet Frank Liestøl.

Vegen er sperra av kring ein kilometer vest for Gudvangen, i retning Voss. Omkøyring skjer via Vikafjellet for dei som skal til og frå indre Sogn, og Hardangervidda for andre.Gudvangentunnelen og Flenjatunnelen har vore stengd for all trafikk, men der skal det no vere ope att. Stalheimstunnelen er framleis stengd.

Trafikkdirigering frå Vinje

– Trafikken vert dirigert om allereie ved Vinje, og ved Aurland er det også folk som dirigerar om trafikken, seier Liestøl.

Les også: Store steinar større enn billar stengjer E16

Ketil Molver i vegtrafikksentral fortel at det allereie er store køar på E16, men at det vert sett inn ekstra ferjer på alle omkøyringsvegar.

Vangsnes

FERJEKØ: på Vangsnes ferjekai var det ferjekø rundt klokka 20:00

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det skal til saman ha gått fire ras, men no skal det ha vore stille i fjellet i over ein time.

– Det er ein geolog på veg, og inntil han er på plass er det vanskeleg å seie noko om situasjonen i fjellet, seier Molver.

Høyrte lyder i fjellet

Liestøl i politiet seier på si side at han høyrte lydar i fjellet rundt 19:30, men at dei ikkje torar å nærme seg rasområdet før geolog har sikra staden.

– Det er ein entrepenør som flyg med helikopter over raset no for å sjå etter lausmasse, men vi må halde oss der vi er fram til geologen er på plass, seier Liestøl.

raset

RASET: her er raset sett frå helikopter. Det skal ha delt seg i to, og til saman skal det ha råka eit område på fleire kilometer.

Foto: NRK

Fleire menneske skal ha vore på vegen då raset og gjekk, og nokre skal ha vore veldig nære å bli tekne.

– Det var ein lastebil som køyrde nesten rett igjennom raset. Det var berre flaks at det ikkje gjekk liv med denne gongen også, seier Liestøl.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå