Hopp til innhold

– Eg set på radioen og håpar det beste

Elin Haugen har pendla mellom Naustdal og Førde kvar arbeidsdag i 30 år. No meiner ho det er på tide å få sikra strekninga mot ras.

Elin Haugen

– SKIKKELEG EKKELT: Elin Haugen torer ikkje tenke på kva som hadde skjedd om ein bil hadde blitt treft av steinen torsdag kveld.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Torsdag kveld rasa ei stor steinblokk ned fjellsida med så stor kraft at halve vegbana vart smadra. Staden der dette skjedde har det treffande namnet Skredvika.

Kvar dag passerer 4000 køyretøy. Det har gått ei rekkje mindre ras på strekninga. 18. februar 1982 omkom fire menneske då orkesterbilen til New Jordal Swingers vart treft av eit ras nokre hundre meter unna Skredvika.

Sidan har det ikkje vore dødsfall på grunn av ras på vegen, men ein faretrugande auke i talet på steinsprang gjer at mange køyrer med hjartet i halsen.

– Vi opplever steinsprang nesten kvar veke, om vinteren dett det ned store isklumpar. Men det er verst med dei steinane som stadig ligg i vegkanten og i vegbana. No har det byrja å kome temmeleg store steinar. Det er då eg synest det er blitt skikkeleg ekkelt.

– Prøver å ikkje tenke på det

Sjølv har ho ikkje blitt treft av stein, men bilen hennar har punktert på grunn av stein og isklumpar i vegbana.

Ho vedgår at ho tenker mykje på rasfaren når ho køyrer denne strekninga.

– Det er ei ur heile vegen innover, og steinmassane kviler på gamal humus og jord og rotne trestubbar. Eg prøver å ikkje tenke på det, eg set på radioen og trur det skal gå fint.

Ho er skremd over kreftene naturen viste torsdag kveld.

– Når ein enkelt stein kan knuse halve vegbana så hadde ingen overlevd om dei hadde blitt treft. Då måtte du hatt ein tanks. Neste gong kan det vere ein buss med skuleelevar, det kan vere meg, det kan vere naboen.

Ho har ikkje tru på anna sikring enn tunnel.

Ras på rv5 Førde-Naustdal

SMADRA VEG OG STØYPEKANT: Her fôr den store steinen i sjøen via vegbana.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Kan ikkje leve med dette

Varaordførar Anne Britt Øyra i Naustdal er samd i at dei hyppige rasa er skremmande.

Vi kan ikkje leve med at innbyggjarane er urolege for å køyre her. Det må skje noko, både på kort og lang sikt.

Kommunen skal ha eit møte med Statens vegvesen 14. april.

– Vi må løyse det, anten det blir tunnel eller anna form for sikring. Eg har sjølv opplevd at det ramla steinar ned framfor bilen. Vi må stille krav om at riksveg 5 mellom Førde og Naustdal skal vere ein trygg veg.

Men avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen har ikkje pengar på lur til å gjere vegen rassikker.

– Ei tunnelløysing vil kome på mellom ein og to milliardar kroner, og dette ligg ikkje inne i Nasjonal Transportplan (NTP).