Rosa hadde stilt seg opp langs løypa til sykkelløpet Tour des Fjords på Vassenden i Jølster. Der blei ho intervjua av reporter Arve Uglum, og svarte på eit par spørsmål, før ho brått braut ut:
– Du har så fine auge. Eg blir heilt ukonsentrert.
Reporter Uglum mista sjølv munn og mæle ein liten augneblink.
– Eg oppfatta det slik at ho ikkje var så vant med å bli intervjua, så eg prøvde å halde ein god tone for at ho skulle slappe av. Men eg må vedgå at då ho sa at eg hadde fine auge, då tenkte eg: Kva seier eg no? Ho hadde forresten fine auge, ho og.
– Uredd type
Rosa Amundsen, som opphavleg er frå Brasil, seier at ho vanlegvis slett ikkje er ein sky type.
– Eg har jobba som dansar og er vant med å bli filma og tatt bilete av. Det var berre så vanskeleg å forstå dialekten til han som intervjua meg, seier Amundsen.
– Men han var veldig kjekk då, legg og til og ler godt.
Rosa fortel at ho elskar fest, og at ho var i godt humør og litt ufokusert då ho blei intervjua. Sjølv om intervjuet stoppa litt opp synest ho det var morosamt å bli intervjua.
Ho driv Vassenden Fotpleie, Clinique Rosa, og synest det var flott med litt folkeliv rundt sykkelrittet.