Hopp til innhold

– Dette kunne ha gått mykje verre

Raset på E39 mellom Vadheim og Sande har knust sperringane som skal beskytte vegen mot ras, men kontrollingeniøren på staden meiner sikringa har fungert heilt etter boka.

Raset ved Dregebøvatnet2

FLATE SPERRINGAR: i ei strekke på vel hundre meter ligg rassikringa ved E39 heilt flate, og ein god del av raset har kome vidare nedover mot vegbana

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det er berre småmasse, tre og jord som har kome ut på vegbana. Utan sperringane hadde det vore noko heilt anna. Dei har rett og slett gjort jobben dei skal gjere, fortel Skule Jacobsen frå Statens vegvesen.

Les også: Ras stenger E39

Han er på rasstaden ved Dregebøvatnet som kontrollingeniør, saman med to geologar. Dei har vore der sidan klokka 8 i dag tidleg, og planen var å gjere ei vurdering av kor tid vegen kan opnast.

Dregebøvatnet

Kom seg ikkje i lufta

– Vi har eigentleg ikkje fått gjort så mykje, for det ligg tett skodde her i området, så vi kjem ikkje til med helikopter endå, sa Jacobsen i morgontimane. Det var tjukt med skodde ved Dregebøvatnet, men i titida kom Vegvesenet seg i lufta med helikopter.

Skule Jacobsen

FÅR IKKJE GJORT NOKO: i morgontimane var det mykje skodde, og Skule Jacobsen og resten av Vegvesenet fekk ikkje gjort noko særleg

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Det lysnar til og går mot ein solrik haustdag i Sunnfjord, men akkurat i rasområdet var det så dårleg sikt at dei ikkje ein gong kunne sjå heile raset frå vegen der dei står.

– Vi veit ikkje eingong kva vi må gjere endå. Det kan hende vi må spyle ut masse, eller at er fare for fleire ras. Det er dette vi må vurdere frå helikopter når vi har fått betre oversikt over raset og området, seier Jens Tveit som er geolog i Vegvesenet.

Raset på Dreggebøvatnet

STORE DIMENSJONAR: det er eit stort ras som har gått ved E39, men det meste har blitt fanga opp i rassikringane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det kan altså virke som om hovudvegen langs kysten av Vestlandet kjem til å vere stengd dei neste timane, og då er det omkøyring via Leirvik i Hyllestad og Dale i Fjaler som gjeld.

Nærbilete av raset ved Dregebøvatnet

IKKJE SKADE PÅ VEGBANA: det er for det meste småstein og jord som har kome ut i vegbana, og Vegvesenet trur ikkje det har kome noko skade på ho. Det tyder at vegen kan opnast når området er stabilt og vegen er rydda.

Foto: Alf Vidar Snæland

Gjekk ras også i januar

Det er den splitter nye delen av E39 rundt Sande som har vorte råka av raset, og det er ikkje første gong. Under byggingsarbeidet i januar gjekk det og eit ras i same området, og då vart ein lastebil knust av steinmassane.

Les også: Lastebil knust i raset

Geolog Jens Øyen Tveit

TILFELDIG: geolog Jens Tveit trur ikkje området der nye E39 går er eit spesielt rasutsett område

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg trur det er tilfeldig at det har gått to ras her i området med så kort mellomrom. Det har kome store nedbørsmengder den siste tida, og eg vil tru at det er det som har utløyst dette raset, seier geolog Jens Tveit.